Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2020

250 nye studieplassar innan helse, teknologi og grønt skifte

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Regjeringa føreslår å opprette om lag 250 nye studieplassar i statsbudsjettet for 2020. – Vi veit at det er eit stort og aukande behov for tilsette i helse- og omsorgssektoren. Vi må også sørgje for at Noreg har nok kompetanse innanfor teknologi og det grøne skiftet. Derfor prioriterer vi desse utdanningane, seier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V).

Stadig fleire ønskjer å studere i Noreg. Denne hausten var det rekordmange søkarar til høgare utdanning og det blir stadig større rift om studieplassane.

I statsbudsjettet for 2020 ønskjer difor regjeringa å løyve 11,1 millionar kronar til om lag 250 nye studieplassar. Dermed kan om lag 250 fleire studentar takast opp kvart år. Det inneber totalt ca. 1 000 fleire studentar i løpet av fire år.

– Det er ikkje nokon klar fasit på kva for kompetanse, utdanningar og yrke vi treng for å utføre arbeidsoppgåver i framtida, men vi veit at det er eit stort behov innan nokre område. Derfor vil vi fordele 75 plassar til helse- og sosialfag, med vekt på sjukepleie, og 70 plassar til teknologi og fag retta mot grønt skifte, seier Nybø.

Sjå kva for høgskular og universitet som får nye studieplassar nedst i saka.

Studieplassar utanfor dei store byane

Rundt 100 av dei 250 nye studieplassane skal kunne rullere mellom ulike utdanningsinstitusjonar. Dette er ei ny ordning der universiteta og høgskulane kan søkje om å få bruke studieplassane til fleksible og desentraliserte studietilbod.

– Regjeringa ønskjer at folk skal kunne ta utdanninga si nært der dei bur. Dette tiltaket gjev oss høve til å opprette studietilbod også der det ikkje er campus. Det er viktig for å gjere høgare utdanning meir tilgjengeleg for studentar som på grunn av bustad eller livssituasjon ikkje har moglegheit til å studere fast ved ein studiestad, seier Nybø.

– Vi veit at det er behov for fleksible tilbod i distrikta. Ein stad kan det til dømes vere behov for sjukepleierkompetanse og mange nok søkarar til å fylle eitt kull med sjukepleiarar. Året etter kan både kompetansebehov og søkargrunnlag ha endra seg, seier Nybø.

Fleire rekrutteringsstillingar

I tillegg held regjeringa fram med å satse på høg kompetanse i utdannings- og forskingsmiljøa. I budsjettet for 2020 ønskjer regjeringa å løyve 11,8 millionar kronar til ni nye rekrutteringsstillingar som blir fortdelte direkte til enkelte institusjonar. Stillingane kan vere stipendiatar eller postdoktorar.

– Dermed kan fleire dyktige studentar med mastergrad ta forskerutdanning, og fleire med doktorgrad får mogelegheit til å gå vidare i forskarkarrieren. Dette er viktig for å sikre tilgang på høg kompetanse framover, seier Nybø.

Sidan 2014 har regjeringa tildelt midlar til over 1 000 rekrutteringsstillingar.

Vil betre kvaliteten på høgare utdanning

I budsjettet for 2020 føreslår regjeringa også å løyve 55 millionar kronar for å styrke kvaliteten i høgare utdanning. Det er Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) som forvaltar pengane.

- Vi held fram arbeidet med å auke kvaliteten i høgare utdanning. Blant anna skal vi bruke 20 millionar kronar på å auke arbeidslivsrelevansen i utdanningar, seier Nybø.

Av dei 55 millionane blir også 15 millionar kronar sett av til internasjonal studentmobilitet og 20 millionar kronar til praksis i kommunesektoren for helse- og sosialfagstudentar.

Andre satsinger knyte til studieplassar og rekrutteringsstillingar:

  • 208 millionar kronar for å vidareføre og trappe opp studieplassar. Frå 2014-2019 har regjeringa tildelt midlar slik at sektoren kan auke opptaket med over 4 600 nye studentar årleg.
  • 3,9 millionar kronar gjennom nærings- og offentleg sektor-ph.d.-ordninga til doktorgradsutdanning i IKT-tryggleik og kryptologi for personar som kan få tryggingsklarering. Blir lyst ut gjennom Forskningsrådet.
  • 3,9 millionar kronar til doktorgradsutdanning i IKT-tryggleik og kryptologi for personar som kan få tryggingsklarering. Blir lyst ut gjennom Forskningsrådet.

Forslag til fordeling av studieplassar til institusjonar i 2020-budsjettet

Institusjon

Helse- og sosialfag med vekt på sjukepleie

Teknologi/ grønt skifte

Sum fullt opptrappa i 2024

Høgskulen på Vestlandet

10

 

40

Universitetet i Søraust-Noreg

10

 

40

Nord universitet

10

10

80

Høgskulen i Molde, vitskapeleg høgskule i logistikk

10

 

40

Høgskulen i Innlandet

20

 

80

Universitetet i Stavanger

15

 

60

Universitetet i Agder

 

10

40

Universitetet i Bergen

 

10

40

Høgskulen i Østfold

 

10

40

Noregs miljø- og biovitskapelege universitet

 

10

40

Noregs teknisk-naturvitskapelege universitet

 

10

40

Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet

 

10

40

Sum

75

70

580

Studieplassane blir finansiert med fire års varigheit. Kunnskapsdepartementet legg opp til varig auka opptakskapasitet med permanent årleg opptak av nye kull. 

Fordeling av rekrutteringsstillinger foreslått i 2020-budsjettet

Institusjon

Antall stillinger

Universitetet i Stavanger

3

Ufordelt

6