74 millionar til nye og digitale læremiddel i 2019
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Nr: 137-19 | Dato: 14.05.2019
Hausten 2020 får skolen nye læreplanar. Derfor satsar Regjeringa no på utvikling av heilt nye læremiddel og strykar ei innkjøpsordning slik at skolane kan kjøpe inn fleire digitale læremiddel. – Det er svært viktig at vi utviklar nye læremiddel. Med dei nye læreplanane ønsker vi å sikre meir og betre læring, og da må dei nye «læremidla» bidra til å endre praksis i klasserommet, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H).
– Digitale dømmekraft og digital skaparkraft er viktige verktøy for læring i alle fag, og samtidig nødvendig for at elevane skal kunne vise kompetansen sin. Skolane må ha digitale læremiddel for å lære elevane gode digitale ferdigheiter. Derfor meiner vi at ein større del av læremidla i skolen bør være digitale, seier Sanner.
Den teknologiske skolesekken har til no hatt ei ramme på 90 millionar kroner kvart år, men med løyvingar i revidert nasjonalbudsjett og omdisponeringar aukar ramma i år til over 130 millionar kroner totalt. Satsinga inneheld åtte tiltak for å stimulere til digitale læremiddel og programmering.
Nyutvikling av samiske læremiddel
Sametinget har ansvar for utvikling av læremiddel på samisk i heile grunnopplæringa og får allereie middel til dette. Dette er eit stort ansvarsområde med tre samiske språk. Regjeringa vil auke tilskotet med ytterligare 10 millionar kroner. Det er nødvendig både for å utvikle nye gode læremiddel på samisk og for å omsette det fornya innhaldet.
– Sametinget gjer ein viktig jobb med å sørge for å få omsett læremiddel og nyutvikling av læremiddel på dei tre samiske språka. Med dette ekstra tilskotet blir Sametinget betre rusta til å kunne tilpasse læremidla til dei nye læreplanane, seier Sanner.
Læremiddel til små fag
Nokre fag har for lågt elevtal til at det er kommersielt interessant nok for læremiddelprodusentane til å utvikle læremiddel utan ekstra tilskot. Dette gjeld mellom anna læremiddel til ein del små fag innanfor fag- og yrkesopplæringa og læremiddel på nynorsk.
– Vi må legge betre til rette for at elevene i fag med lågt elevtal og elevar med nynorsk som hovudmål også får tilgang til oppdaterte og gode læremiddel som er i tråd med de nye læreplanane i fagfornyelsen. Derfor aukar vi tilskotet med 20 millionar kroner, seier Sanner.
Die 74 millionane fordeles slik:
- 10 mill.: tilskot til Sametinget for utvikling av samiske læremiddel.
- 20 mill.: tilskot til utvikling av læremiddel utan kommersielt grunnlag. Styrking av eksisterande tilskotsordning.
- 20 mill.: tilskot til innkjøp av digitale læremiddel, styrking av tilskotsordninga som er en del av Den teknologiske skolesekken.
- 23,75 mill.: omdisponering av tilskot til utvikling av digitale læremiddel gjennom Den teknologiske skolesekken