Statsbudsjettet 2020:
Fleire innvandrarar skal ut i arbeid og utdanning
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Nr: 232-19 | Dato: 07.10.2019
Regjeringa vil bruke nær 310 millionar kroner til målretta tiltak for betre integrering. – Innvandrarar er ein ressurs, og vi vil at fleire skal få formell kompetanse slik at dei kjem i jobb. Vi treng mangfald i arbeidslivet, og vi ønsker at fleire innvandrar deltek i små og store fellesskap i samfunnet vårt, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner.
Hausten 2018 la regjeringa fram strategien Integrering gjennom kunnskap og denne hausten blei eit forslag til ei ny lov om integrering sendt på høring, Lova skal gi flyktningar betre utdanning slik at dei enklare får seg jobb.
Fleire kombinasjonsklassar
Regjeringa styrker ei rekke ordningar som vil gi innvandrar betre kompetanse og meir kunnskap. Jobbsjansen del B blir styrka med 25 millionar kroner til totalt 95 millionar kroner i 2020. Ungdom med rett til vidaregåande opplæring, men som ikkje har godt nok fagleg grunnlag, vil få tilbod om meir grunnskuleopplæring. Då blir dei betre i stand til å fullføre og bestå vidaregåande opplæring. Eit slik tilbod er til dømes kombinasjonsklassar. I 2018 fekk 1 222 få elevar dette tilbodet, no vil om lag 3000 elevar kunne få tilbod.
Regjeringa foreslår også å styrke Jobbsjansen del A med 5 millionar kroner, som skal få fleire heimeverande innvandrarkvinnar ut i arbeid. Regjeringa kjem også med ei ny tilskotsordning på 15 millionar kroner for tilpassa fagopplæring
– For å lukkast med integrering, må vi satse på utdanning og jobb. Vi foreslår ei rekke tilpassa tilbod som kombinasjonsklassar og ekstra språk- og læringsstøtte på arbeidsplassane. Det er viktig for den enkelte å møte forventningar fordi det tydeleg seier at vi som samfunn trur at du kan få til noko. Det gir også den enkelte mykje å ha ein jobb å gå til, seier Sanner.
Vil gjere norskopplæringa for vaksne betre
– Det er viktig at alle som skal bu og leve i Noreg kan norsk. Derfor styrker vi kompetansen til lærarane i norskopplæringa. Om lag 200 lærarar kan få stipend til vidareutdanning i norsk som andrespråk og gi betre undervisning til elevane, seier Sanner.
Regjeringa styrker dessa tiltaka med 16 millionar kroner til totalt 32 millionar kroner i 2020. Kompetansekrav for lærarar i vaksenopplæringa er ei oppfølging av den nye integreringslova som er på høyring.
Held fram arbeidet mot negativ sosial kontroll
– Arbeidet mot negativ sosial kontroll har vore viktig heilt sidan starten av regjeringsperioden. Dei som må bryte med familien sin, skal få god hjelp og nødvendig vern. Alle skal kunne leve eit fritt og sjølvstendig liv, og kunne ta eigne val, seier kunnskaps- og integreringsministeren.
I statsbudsjettet for 2020 er derfor arbeidet mot negativ sosial kontroll prioritert med 20 millionar kroner, 15 millionar av desse er til styrking av ordninga med minoritetsrådgivarar på skulane. Det vil gi til saman 51 minoritetsrådgivarar i heile landet, som kan gi råd til elevar med innvandrarbakgrunn i samband med negativ sosial kontroll, tvangsekteskap og kjønnslemlesting. Dei resterande midlane går mellom anna til å styrke bu- og støttetilbodet for personar utsette for tvangsekteskap eller æresrelatert vald, og mentorordninga for personar som er utsette for negativ sosial kontroll.
10 millionar kroner til auka bruk av tolking via skjerm
– For å betre rettstryggleiken, få kortare saksbehandlingstid og at det blir teke fleire rette avgjerder i forvaltninga, treng vi meir effektiv bruk av kvalifiserte tolkar. Derfor foreslår vi å løyve 10 millionar kroner til auka bruk av tolking via skjerm, seier statsråden.
Skjermtolking er ein god tolkemetode og bidrar til betre utnytting av tolkekapasiteten enn når tolken er fysisk på staden.
10 millionar kroner til områdesatsingar
Områdesatsingar vil bli styrka med 9 millionar kroner i Oslo og 1 million kroner i Fjell i Drammen. Midlane skal rettast mot tidleg innsats for barn og unge og bidra til at fleire fullfører vidaregåande opplæring. Midlane skal også målrettes for å sikre fleire lærlingplassar.