Historisk arkiv

Frukostmøte med elevar om rasisme og diskriminering

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Rasisme har mange former, og vi møter det på ulike måtar. Opplevinga av å bli heldt utanfor, mistenkt eller rett og slett føle seg mindre verd enn dei andre. Korleis er dette i Norge i dag? Kva kan vi gjere? Og kva bør vi gjere?

Saman med Fyrtikkalléen skole - F21 inviterer kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner til SmartPrat. Elevar frå dei fire skolane Fyrstikkalléen, Løkenåsen, Skullerud og Kuben deltek både i salen og i panelet. Tre av skolane har tidlegare vunne Benjamin-prisen for sitt arbeid mot rasisme.

Om SmartPrat

F21 er både en skole og eit fagmiljø. Dei har eit ønskje om at at elevene skal få impulsar også frå det som foregår utanfor skolen, men som har betyding for liva deira vidare. Difor har skolen starta med SmartPrat. Dei som kjem til SmartPrat får disponere 20 minutt til å presentere sitt fagområde. Skolen ønsker å få dei ypparste på sine felt til skolen for å inspirere til læring om ulike tema.

Dato:                   04. april 2019      08.30-09.30        

Stad:                   Fyrstikkalléen vidaregåande skole, Fyrstikkalléen 21, 0661 Oslo, Auditoriet

Program:

 

08.30-08.35

Velkommen ved rektor og elevar frå Fysrtikkalléen vgs – F21

08.35-08.45

Opningsinlegg ved statsråden

08.45-08.55

Introduksjon til dagens paneldebatt ved artisten Noisizwe Baqwa

 

08.55-09.25

Panelsamtale med elevar under leiing av forskar og formidlar ved HL-senteret, Alexa Døving

09.25-09.30

Avslutning ved statsråden

Pressa er velkommen og det blir høve til intervju.

Kontakt:
Journalistar som ønsker å delta kan ta kontakt med kommunikasjonsrådgivar i Kunnskapsdepartementet, Ajfer Husejin på mobil  95936485 eller pr. e-post på ajf@kd.dep.no