Historisk arkiv

Jan Tore Sanner til Gjøvik og Raufoss måndag 24. juni for å besøke sommarskole og lokale verksemder

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Måndag 24. juni kjem Sanner til Innlandet. Statsråden skal først opne Forskarfabrikkens sommarskole for 26 unge forskarar. Deretter reiser han vidare til Ecura for å lære om korleis dei arbeider med rettleiing og individuelle opplegg i skolen. Dagen blir avslutta på Raufoss Industripark kor statsråden får ei innføring i nettverket for små- og mellomstore verksemder i parken. Statsråden skal også få lære om korleis eit nytt bransjeprogram mellom verksemda og Fagskolen Innlandet skal gi fleire tilsette målretta opplæring og kompetanse.

Program måndag 24/6:

 

09.00-10.00

Sanner opnar og besøker Forskarfabrikkens sommarskole på Gjøvik, i samarbeid med mellom anna NITO og Tekna. Sommarskolen er eit samarbeid mellom Forskarfabrikken og Vitensenteret Innlandet. Dette er ei av totalt 239 sommarskolar over heile landet som Forskarfabrikken arrangerer for 5. -7. klassingar.

Adresse: Brennerigata 1, 2815 Gjøvik

 

10.15-11.15

Statsråden deltek på omvising og lunsjsamtale med tilsette og foreldre/føresette hos Ecura. Ecura er ein tilbydar av bo- og habiliteringstenester for personar med utviklingshemming, autismeforstyrringar og psykiske lidingar. 

Adresse: Nærsten, Gimlevegen 115, 2846 Bøverbru 

 

11.45-12.45

Omvising og orientering hos Raufoss Industripark med særleg fokus på bransjeprogrammet. Dette er også ein del av regjeringa sin SMB-turne "Småbedriftslivet" som startar offisielt tysdag.

Adresse: Bygning 5, Katapultsenteret, Raufoss Industripark, 2831 Raufoss

 

 

Kontakt:
Pressa er hjarteleg velkomne til å delta. Ta kontakt med kommunikasjonsrådgivar Kamilla Amundsen Willix på e-post: kamilla-amundsen.willix@kd.dep.no eller på telefon 41649970 for å melde interesse.