Historisk arkiv

Kunnskaps- og integreringsministeren kjem til Stord og Austevoll fredag 28. juni for å besøke maritim barnehage og lokale bedrifter

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Statsråd Jan Tore Sanner skal først besøke Sagvåg maritime barnehage når han kjem til Hordaland fredag 28. juni. Deretter møter han lokale bedrifter for å høyre korleis regjeringa kan gjere det enklare å drive små bedrifter i Noreg.

Regjeringa reiser denne veka rundt i landet for å besøke fleire hundre små og mellomstore bedrifter. Målet er å få innspel til ein ny strategi for små og mellomstore bedrifter. 95 prosent av alle bedriftene i Noreg har færre enn 50 tilsette og over éin million arbeidstakarar jobbar i disse bedriftene.

Statsråd Jan Tore Sanner vil difor høyre kva bedrifter på Stord og i Austevoll fortel om korleis det er å drive ei bedrift. Han vil også gjerne høyre kva dei meiner om kva som kan gjere det enklare å drive ei bedrift.

Kunnskaps- og integreringsministeren vil også besøke Sagvåg maritime barnehage for å sjå korleis dei har tatt den lokale kysthistoria inn i alt dei gjer. Sanner vil møte barnegrupper som gjer ulike maritime aktivitetar som blant anna å utforske tang og tare.

Program fredag 28. juni: 

09.55 – 10.55

 

Sanner besøker Sagvåg maritime barnehage.

Adresse: Fitjarvegen 24, 5410 Sagvåg

11.05 – 11.45

Statsråden besøker næringsutviklingsselskapet Atheno AS.

Vabakkjen 6, 5411 Stord

13.30 – 13.50

 

Statsråden møter fleire små og mellomstore bedrifter på Storebø for å samtale og for å få innspel frå dei.

Adresse: Frivilligsentralen, Austevollbadet, Prestanesvegen 51, Storebø

Kontakt:
Pressa er velkomne til å delta. Ta kontakt med politisk rådgivar i Kunnskapsdepartementet Maria K. Göthner, Maria-Kristine.Goethner@kd.dep.no, mobil 959 28 385.