Revidert nasjonalbudsjett 2019:
Meir satsing på tidleg innsats og arbeidsliv for framtida
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Nr: 135-19 | Dato: 14.05.2019
– Vi vil ha ein skole der elevane meistrar og lærer. I revidert budsjett for 2019 prioriterer vi konkrete pilotprosjekt som skal gi betre tidleg innsats, auka satsing på digitale læremiddel og fleire vitensenter. Vi trappar opp innsatsen mot negativ sosial kontroll ved å få på plass fleire minoritetsrådgivarar ute der barn og unge treng det, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner.
Hausten 2020 skal nye læreplanar takast i bruk i skolen. Skal vi nå måla om at elevane skal lære meir og betre, må skolen ha læremidel som er tilpassa dei nye læreplanane. Regjeringa foreslår difor om lag 74 millionar kroner for å sikre raskare utvikling av læremidlar og innkjøp av digital læremidel. Sjå eiga pressmelding.
Aukar talet på minoritetsrådgivarar frå 38 til 51
Fleire minoritetsrådgivarar vil bidra til å nå målet om at alle skal leve eit fritt liv. Dette er andre året på rad vi styrkar ordninga.
– Minoritetsrådgivarar skal vere tilgjengelege for unge der dei er. Å få hjelp på eit tidlig tidspunkt kan førebygge at familiekonfliktar eskalerer og at unge blir etterlaten i utlandet mot viljen sin, seier Sanner.
I tillegg skal det opprettast eit ambulerande team som skal bidra til meir kompetanse i tenesta og vere eit rådgivingstilbod for elevar og skoler som ikkje har minoritetsrådgivarar.
Betre spesialpedagogisk hjelp til elevar med spesialundervisning
Til hausten legg regjeringa fram ei stortingsmelding om tidleg innsats og inkluderande fellesskap. No gir regjeringa 15 millionar til pilotprosjekt for å få kunnskap om korleis barn kan få betre tilpassa opplæring og raskare hjelp.
– Det spesialpedagogiske tilbodet til barn og unge er for dårleg. For mange får hjelp alt for seint og annankvar elev med spesialundervisning får det av ufaglærte. Ein av tre elevar blir tatt ut av klasserommet for å få spesialundervising. Det kan ikkje fortsette, seier Sanner.
Trappar opp innsatsen i reforma Lære heile livet
Den teknologiske utviklinga fører til endringar i arbeidslivet og det er eit aukande behov for påfyll av kompetanse. Samstundes blir det færre jobbar som krev lite eller ingen formell kompetanse.
– Vi foreslår 20 millionar kroner til å utvikle meir fleksible vidareutdanningstilbod. Dette kjem i tillegg til dei 37 millionane frå statsbudsjettet for 2019. I revidert budsjett for 2018 blei det gitt 10 millionar kroner til ordninga, seier Sanner.
Tilboda skal utviklast i samarbeid med høgskolar, universitet eller fagskoler og bedrifter og næringsliv. Tilboda skal kunne kombinerast med tilnærma full jobb, til dømes gjennom inndeling i modular, nettbasert opplæring og/eller samlingar. I tillegg foreslår regjeringa 10 mill. kroner som skal lysast ut gjennom Diku, til vidareutdanningstilbod ved universitet og høgskolar.
Eittåringar i asylmottak får gratis kjernetid i barnehagen
Regjeringa vil bruke 3,2 millionar kroner og utvide ordninga med gratis kjernetid til barn i asylmottak så den òg inkluderer eittåringar.
– Gratis kjernetid bidrar til at barn som får opphald kjem tidlig i gang med integreringa og lærer seg norsk. Dette er i tråd med andre tiltak vi har sett i verk for foreldre. Dei må raskare i gang med norskopplæringa i mottaket, og det blir enklare når barna kan gå i barnehage, seier Sanner.
Tidleg innsats er viktig for å lukkast med å løfte alle barn i skolen og legg eit viktig grunnlag for å få seg ein jobb. Forsking viser at tiltak retta mot sårbare barn spesielt, har stor effekt.
Nye vitensentre til Ålesund og Mo i Rana
Vitensentra skal auke interessa for realfag blant barn og unge. Mange skoleklassar besøker sentra som ein del av opplæring i realfag. Regjeringa ønskjer no at det skal opprettast to nye vitensenter.
– Regjeringa vil ha fleire vitensenter der barn og unge kan utforske realfag og bli inspirert så dei held fram interessene for realfag. Difor foreslår regjeringa å løyve 6,7 millionar kroner til vitensenterordninga slik at to nye vitensentre, Atlanterhavsparken i Ålesund og Vitensenter Nordland i Mo i Rana, kan bli med i ordninga, seier Sanner.
Det er òg foreslått ei ekstraløyving til Den tysk-norske skolen på 3 millionar kroner. Kapasiteten er sprengd og løyvinga skal sikre vidare drift av skolen.
Svalbard folkehøgskole, som skal starte opp hausten 2019, får òg ei ekstraløyving på 5 millionar kroner, fordi det er dyrare å drive folkehøgskole på Svalbard enn på fastlandet.