Teknologiutvikling og læring gjennom heile utdanningsløpet er tema for utdanningspolitisk toppmøte 2019
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Nyheit | Dato: 08.11.2019
Noreg har store ambisjonar om at teknologi skal betre kvaliteten til utdanningane, men brukar vi dei moglegheitene vi har godt nok? Og kva skjer når barnehagane, skulane, høgskular og universiteta blir meir digitale? Er elevane, studentane og næringslivet førebudde på endringane?
Deltakarane på møtet er leiarar og toppar frå utdannings-Noreg.
Stad: Villa parafina, Parkveien 45 Oslo
Program måndag 11. november:
09:45-10:10 Registrering og opning
Møteleiar Ajfer Husejin, kommunikasjonsrådgjevar i Kunnskapsdepartementet.
10:10-10:30 Opningstale
Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner.
Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø.
10:30-11:30 Hovedinnlegg: "Evidence-Based Reform to Improve Achievement Outcomes of Technology Use in Education"
Professor Robert Slavin, direktør ved Center for Research and Reform in Education ved Johns Hopkins University.
Det er planlagt tid til spørsmål og svar etter innlegget.
11:30-12:15 Lunsj
12.15-12:30 Innlegg frå panelet
Direktør for Centre for The Science of Learning and Technology og professor Barbara Wasson, PHD (Universitetet i Bergen).
Instituttleiar og professor Ola Erstad, PHD (Universitetet i Oslo).
Leiar for utdanning og forsking Ingrid Somdal-Åmodt Vinje (Abelia).
12:30-13:15 Samtale mellom statsrådane og panelet
13:15-13:55 Plenumsdiskusjon
13:55-14:00 Oppsummering og avslutning
Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner.
Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø.
Med dette arrangementet ønskjer vi å drøfte desse spørsmåla:
- Korleis kan teknologi støtte læringa til barnet, elevane og studentane gjennom heile utdanningsløpet?
- På kva måtar blir lærarrolla endra av digitalisering - i barnehagar, skular og i høgare utdanning?
- Korleis kan utdanningsleiarar sørgje for at digitale læremiddel inngår i ei heilskapleg pedagogisk tilnærming?
- Kva gjer ny teknologi med krava til forsking og innovasjon?
- Korleis kan vi stimulere til eit godt samarbeid mellom utdanningssektoren og næringslivet for utdanningsteknologi?
Kontakt:
Dersom pressa ønskjer å delta, kan dei ta kontakt med rådgjevar Martin B. Andersson på tlf. 993 63 118, eller maan@kd.dep.no for nærare avtale.