Statsbudsjettet 2020:
Regjeringa innfører billigare SFO på 1. og 2. trinn for over 14 000 barn
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Nr: 230-19 | Dato: 07.10.2019
Regjeringa vil at fleire barn skal kunne gå på SFO. Derfor innfører regjeringa no ei nasjonal ordning med billigare SFO for at dei med låg inntekt, og barn med særskilte behov på 5. til 7. trinn skal få gratis tilbod om SFO. – Eit godt SFO-tilbod er ein viktig del av arbeidet med tidlig innsats og inkludering i skulen. Fleire barn kan no få moglegheit til å delta på SFO og det er eg glad for, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H).
Regjeringa har i Granavolden-plattforma sagt at ho vil betre kvaliteten i SFO/AKS gjennom å utarbeide ein nasjonal rammeplan, som også gir rom for lokale variasjonar. Det er frivillig å gå på SFO, og det skal det fortsatt vere. Det kan vere fleire grunnar til at ein familie vel å ikkje bruke SFO-tilbodet, og forsking viser at pris kan vere ei årsak.
– Særleg for barn med innvandrarbakgrunn kan eit SFO-tilbod bidra til meir inkludering og betre språkferdigheter. Dette er derfor ei viktig satsing for regjeringa, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan- Tore Sanner.
Regjeringa foreslår å bruke 58,2 millionar på inntektsgradert foreldrebetaling i SFO hausten 2020 og totalt 139,7 millionar i 2021. Foreldrebetalinga i den nye ordninga skal maksimalt utgjere 6 prosent av den samla person- og kapitalinntekta i hushaldet for eit barn i heiltid i SFO på 1. og 2. trinn.
Gratis SFO for elevar med særskilte behov på 5. til 7. trinn
Nokre barn treng tilsyn også etter 4. trinn for at foreldra skal kunne jobbe heiltid. Foreldra til desse barna har ei utgift andre foreldre ikkje har.
Regjeringa foreslår derfor også å innføre gratis SFO for elevar med særlege behov på 5.-7. trinn. Dette tiltaket vil hausten 2020 koste 21 millionar og totalt 50,4 millionar i 2021.
– Foreldra til barn med nedsett funksjonsevne har ofte større økonomiske utfordringar enn andre foreldre med barn i same aldersgruppe. Dette tiltaket vil gi større fleksibilitet for familiar med barn med særskilde behov, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H).