Historisk arkiv

Resultata frå PISA-undersøkinga 2018 blir lagt fram

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Korleis gjer norske 15-åringar det i naturfag, matematikk og lesing? Tysdag 3. desember inviterer kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner til offentleggjeringa av resultata frå den siste PISA-undersøkinga.

Nett-tv Resultata frå PISA-undersøkinga 2018 blir lagt fram

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

PISA (Programme for International Student Assessment) måler kompetansen til 15-åringar i lesing, matematikk og naturfag. Undersøkinga gir også informasjon om andre tilhøve ved skolen, til dømes om elevane sine haldningar til lesing og oppfatningane deira om undervising og skolemiljø. PISA-undersøkinga blir gjennomført kvart tredje år. Alle tre fagområda er med kvar gong, men dei byter på å vere hovudområde. Lesing er hovudområde i PISA 2018.

Stad:                                     Jordal skole, Strømsveien 4, 0657 Oslo

Tid:                                        Tysdag 3.desember kl. 08.50 – 11.00.

NB! Møt opp i god tid. Pressekonferansen startar presis

Program:

08.50-08.53                        Kommunikasjonssjef Anbjørg Bakken ønsker velkomen

08.53-08.59                        Direktør i Utdanningsdirektoratet, Hege Nilssen, fortel kort om PISA

09.00-09.20                        Forskar Fredrik Jensen frå Universitetet i Oslo legg fram hovudfunna frå PISA 2018.

09.20-09.35                        Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner kommenterer resultata.

09.35- 10.00                       Separate intervju med pressa

10.00-11.00                       Klasseromsbesøk til 9.klasse . Elevane jobbar med lesestrategiar. Det blir høve til intervju med statsråden og elevar.

Pressekonferansen blir strøymd på www.regjeringen.no/kd

Kontakt:

Journalistar som ønsker å delta på pressekonferansen kan melde seg på til kommunikasjonsrådgjevar Ajfer Husejin, ajf@kd.dep.no,

telefon 95936485. NB! På grunn av begrensa plass er det kun for presse

Faktaark til presseinvitasjon.docx

Nett-tv Resultata frå PISA-undersøkinga 2018 blir lagt fram

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her