Sanner til Samisk vidaregåande skole og reindriftsskole i Kautokeino
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Dato: 29.03.2019
Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner kjem til Kautokeino for å feire jubileet til Samisk vidaregåande skole og reindriftsskole.
Måndag 1. april og tysdag 2. april kjem kunnskaps- og integreringsministeren til Kautokeino for å feire at Samisk vidaregåande skole har vore i drift i 65 år, og at reindriftsskolen har vore i drift i 60 år. Skolen har i dag rundt 100 elevar, og samisk fag- og yrkesopplæring har heile tida vore eit viktig tilbod ved skolen. I dag er det to samiske vidaregåande skolar i Noreg, ein i Kautokeino og ein i Karasjok. Begge er statlege skolar og tilboda er opne for elevar frå heile landet.
Dato: 1. - 2. april 2019
Stad: Samisk vidaregåande skole og reindriftsskole, Kautokeino.
Program:
Måndag 1. april:
16.20 |
Mottaking på Samisk vidaregåande skole og reindriftsskole |
16.30 |
Velkommen v/ styreleder Ingrid Hernes |
16.50 |
Kunnskaps- og integreringsministeren held jubileumstale |
18.10 |
Festmiddag |
Tysdag 2. april
09.00-09.40 |
Informasjon om landslinjene i duodji, reindrift og restaurant og matfag. Omvising på skolen og samtale med elevar. |
09.40-11.00 |
Statsråden deltek i uteaktivitetar saman med elevane på reindriftslinja og restaurant og matfag. |
11.00-11.30 |
Avslutning og tid til intervju |
Pressa er velkommen og det blir høve til intervju med statsråden, elevar og lærarar.
Kontakt:
Journalistar som vil intervjue statsråden kan kontakte kommunikasjonssjef i Kunnskapsdepartementet, Anbjørg Bakken, på mobil 99009260 eller pr. e-post på anb@kd.dep.no