Historisk arkiv

10 millionar kroner ekstra til utstyr i fagskolane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Satsinga på fagskolane held fram. No foreslår regjeringa å bruke 10 millionar kroner ekstra i 2020 på utstyr til fagskolane.

Frå hausten 2020 blei det oppretta 1 600 nye studieplassar på fagskolar over heile landet. Med mange nye studieplassar er det også behov for å ruste opp utstyrsparken til fagskolane.

- Vi veit at mange fagskolar er avhengig av kostbart utstyr i undervisninga. Dette gjeld særleg for dei tekniske fagskoleutdanningane. Eg håpar desse millionane kan sørgje for at fagskolane får oppdatert utstyr, som gjer utdanningane meir relevant for det arbeidslivet studentane møter i andre enden, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).

Dei ekstra 10 millionar kronene til utstyr vil fagskolane kunne søkje på allereie i haust. Det er Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) som lyser ut dette gjennom tilskuddsordninga for utviklingsmidlar ved fagskolane. I 2020 er det frå før tildelt 43 millionar kroner til utviklingsmidlar til fagskolane gjennom ordninga.

Behov for meir og oppdatert utstyr

Regjeringa er opptatt av at fleire studieplassar til fagskolane ikkje går på kostnad av kvaliteten på utdanningstilbodet.

– Det er vanskeleg å spå framtida, men det er heilt sikkert at vi treng fleire flinke fagfolk til å bygge landet vidare. Det har skjedd mykje i fagskolesektoren dei siste åra, og eg opplever ein stor vilje til å vidareutvikle kvaliteten på tilbodet slik at arbeidslivet får den kompetansen dei treng, seier Asheim.

 

Regjeringa har mellom anna:

* Sett til at fagskolestudentar har dei same rettane som studentar ved universitet- og høgskolar.

* Auka talet på studieplassar med 2 238 frå 2018 til 2020.

* Brukt totalt 290 mill. kronar på kvalitetshevande tiltak i fagskolesektoren.

 

Dette vil regjeringa mellom anna gjere framover:

* Legge fram ein ny strategi for høgare yrkesfagleg utdanning i 2021.

* Foreslå at fagskoleutdanningar kan vere kortare enn 30 studiepoeng.

* Halde fram satsinga på kvalitet i fagskoleutdanningane.