100 millionar kroner til auka internasjonalt forskings- og utdanningssamarbeid
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Dato: 19.10.2020
Regjeringa vil styrke samarbeidet innan utdanning og forsking mellom Noreg og ni av verdas leiande kunnskapsnasjonar. No kan norske universitet og høgskular, saman med blant anna partnarar i desse ni landa, søke om støtte til prosjekt som styrkjer koplinga mellom utdanning, forsking og arbeids- og næringsliv.
– Meir og betre samarbeid mellom Noreg og utanlandske universitet, forskingsmiljø og næringsliv bidreg til å heve kvaliteten i høgare utdanning her heime. 100 millionar kroner til samarbeidsprosjekt over landegrensene er ein langsiktig investering som kjem både undervisninga, forskinga og studentane til gode, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).
Tidlegare i oktober bestemte regjeringa seg for å fornye og forlenge den såkalla Panorama-strategien. Samstundes blir strategien utvida slik at Sør-Korea, og USA og Canada også blir ein del av strategien samen med Kina, Russland, Japan, India, Sør-Afrika og Brasil.
Meir pengar per prosjekt
Dei økonomiske hovudinstrumenta for auka samarbeid er programma INTPART og UTFORSK. UTFORSK vert lyst ut no av Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku).
– I denne utlysinga kjem UTFORSK i ny drakt. Programmet er monaleg styrka med god dialog og innspel frå sektoren. Resultatet er større prosjekt, høgare ambisjonar og meir effektivitet i kvalitetsarbeidet, seier Diku-direktør Harald Nybølet.
Nye UTFORSK er ei samanslåing av tidlegare UTFORSK, Nord-Amerikaprogrammet, Russlandsprogrammet og InternAbroad. Finansieringsramma er auka frå to til tre millionar kroner per prosjekt, og det blir lagt større vekt på strukturelle endringar, spreiing av resultat og effekt i breidda.
Les meir om UTFORSK-utlysinga her
Fakta om Panorama-strategien
- Føremålet med Panorama-strategien er å få til eit heilskapleg og langsiktig samarbeid, og å gjere det lettare å samarbeide og søkje om stønad til samarbeidsprosjekt. Målet er å vidareutvikle kvaliteten i norske fagmiljø gjennom samarbeid med gode miljø ute, og i størst mogleg grad hente ut potensialet for næringslivssamarbeid.
- Dagens strategien har følgjande fire hovudprioriteringar; godt samspel mellom utdannings- og forskingssamarbeid, god studentmobilitet, gode koplingar til arbeids- og næringsliv, og godt samspel med multilaterale arenaar (primært EU).
- Ei evaluering av Panorama-strategien slår fast at strategien har vore ein suksess. Meir og betre samarbeid, og ein sterk auke i talet på prosjekt gjennom tilskotsordningane, er resultatet sidan satsinga starta i 2016.
- Den gjeldande Panorama-strategien går ut i år, men regjeringa har vedtatt å forlenge satsinga og legge frem ein fornya strategi for perioden 2021-2027. Denne nye strategien skal vidareføre hovudlinjene og prioriteringane frå dagens strategi.
- Hovudtiltaka i strategien er programma UTFORSK (Diku) og INTPART (Diku og Forskningsrådet).