Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2021:

2,4 milliardar til Vikingtidsmuseet og fleire store byggeprosjekt ved universiteta

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Regjeringa vil sikre framdrifta i arbeidet med nytt Vikingtidsmuseum, og foreslår å bruke 110 millionar kroner på dette i 2021. Dei vil også sette av om lag 1,4 milliardar kroner til livsvitskapsbygget ved Universitetet i Oslo. I tillegg held arbeidet fram med å samle alle NTNU sine bygg i Trondheim, og med å gjere ferdig campus Ås.

– Verda er i endring og vi treng gode bygg og utstyr som er tilpassa uvurderlege kulturminne, fleire studentar og nye måtar å undervise på. Derfor held vi trykket oppe i store og viktige byggeprosjekt ved universiteta og foreslår å bruke meir enn 2,4 milliardar kroner på dette neste år. I tillegg til å vere  til glede og nytte for studentar og tilsette bidreg dette også til å halde aktiviteten oppe i byggenæringa, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).

Vikingtidsmuseet

I fjor vart det kjend at regjeringa går inn for å bygge eit nytt vikingtidsmuseum på Bygdøy. Det nye museet blir tre gonger større enn bygget som står i dag og skal etter planen stå ferdig i 2025. Byggeprosjektet har ei total kostnadsramme på ca. 2,2 milliardar kroner, i tillegg kjem 274 millionar kroner til brukarutstyr. I budsjettet for neste år foreslår regjeringa å løyve 110 millionar til dette arbeidet.

– Skattane våre frå vikingtida er uerstattelege. For å sikre dei for framtidige generasjonar er det heilt nødvendig å rehabilitere og bygge nytt museum på Bygdøy. No sikrar vi den vidare framdrifta for prosjektet, seier Asheim.

1,4 milliardar kroner til nytt livsvitskapsbygg

I budsjettet for neste år foreslår regjeringa ei løyving på til saman nærmare 1,4 milliardar kroner til det planlagde livsvitskapsbygget ved Universitetet i Oslo. Byggeprosjektet  har ei samla kostnadsramme på om lag 6,3 milliardar kroner, pluss 1,3 milliardar kroner til brukarutstyr (prisnivå 01.07.2021).

Som regjeringa har varsla, er det nokre utfordringar for prosjektet, mellom anna på grunn av svært krevjande grunntilhøve og forseinkingar som følge av pandemien.

– No arbeider vi med å justere planane saman med Statsbygg og Universitetet i Oslo. Vi må sjå på kva endringar som kan gjerast, slik at vi får eit livsvitskapsbygg til den prisen Stortinget har bestemt, seier Asheim.

Vil auke kostnadsramma for campus Ås

Også byggeprosjektet for nye campus Ås har blitt forseinka, mellom anna på grunn av pandemien. No foreslår regjeringa å utvide kostnadsramma for prosjektet frå 8 015 millionar kroner til 8 350 millionar kroner.

Dei nye bygga skal mellom anna romme veterinær- og dyrepleiarutdanninga, som til no har halde til på Adamstuen i Oslo. På grunn av forseinkingane har det vore knytta stor uvisse til når bygga kan stå klare til innflytting, men etter planen skal dette no skje i 2021.

– Vi følger prosjektet tett fram til bygget er klar til overtaking. Når veterinær- og dyrepleiarutdanninga flyttar inn, fullfører dette samanslåinga som er blitt til Noregs miljø- og biovitskapelege universitet. Slik legg vi til rette for eit endå sterkare og meir tverrfagleg miljø, seier Asheim.

Går vidare i arbeidet med campussamling på Gløshaugen

Regjeringa går inn for å løyve 160 millionar kroner i 2021 til vidare ­­prosjektering av campussamlinga ved NTNU i Trondheim. Regjeringa legg opp til at prosjektet blir planlagt innafor ei kostnadsramme på 11,6 milliardar kroner.

– Campussamlinga ved NTNU er eit stort og spanande prosjekt som betyr mykje for fagmiljøa, for Trondheim og for heile regionen. NTNU har sjølv vore opptekne av at campussamlinga ikkje skal bli bygd trinnvis. Derfor legg regjeringa opp til at vi ser heile prosjektet under eitt, seier Asheim.

Blått bygg ved Nord universitet

Regjeringa foreslår å bruke 15,5 millionar kroner i 2021 for å gjere ferdig forprosjektet for det planlagde nybygget ved Nord universitet, kalt Blått bygg.

– Dette byggeprosjektet er eit viktig bidrag til regjeringa si satsing på hav og helse, og vil styrke den marine- og helsevitskapelege kompetansen i Nord-Noreg, seier Asheim.

155 millionar til betre undervisningsareal

Den populære ordninga med pengar til å oppgradere og legge til rette areal på universitet og høgskular blir vidareført. Regjeringa foreslår å bruke 155 millionar på dette i 2021.

– Denne våren og hausten har vist oss kor viktig det er at universitet og høgskolar har gode areal, der dei kan tilby studentane nye og varierte undervisningsformer. Det bidreg denne ordninga til. Eg håpar på mange søknader til gode prosjekt i året som kjem, seier Asheim.