97 millionar kroner til 12 prosjekt som skal gje betre praksis for studentar på helse- og sosialfag
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Dato: 17.12.2020
Regjeringa vil at fleire studentar skal ha praksis i kommunenehelsetenesta. No gir dei åtte universitet og høgskular pengar til å utvikle nye praksisplassar i samarbeid med landets kommunar.
– Mange av dagens studentar i helse- og sosialfagutdanningane skal ut og jobbe i kommunane når dei er ferdige, men i dag er mangel på praksisplassar ei hindring. Difor bruker vi no nesten 100 millionar kroner på nyskapande prosjekt som skal gje studentane god og relevant praksis i kommunane. Dette er vi avhengige av for at helse- og sosialtenestene i heile Noreg skal kunne rekruttere kvalifisert personell, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).
I 2035 vil Noreg trenge 28 000 fleire sjukepleiarar. I tillegg er behovet for anna helse- og omsorgspersonell stort. Særleg distriktskommunane treng meir personell. Samstundes har helsereformene dei siste åra flytta meir av helsetenestene ut i kommunane, for å vere nær der folk bur. Det betyr at praksisplassane og rettleiarkompetansen må følgje etter. Prosjekta som no blir finansierte bidreg til meir og betre praksis i kommunane.
Meir samarbeid med kommunane
No får 12 ulike fagmiljø innan sjukepleie- og helse- og sosialfagutdanningar til saman 97 millionar kroner til å utvikle nye praksisordningar i samarbeid med landets kommunar.
Kor mykje studentane lærer blir sterkt påverka av kvaliteten på rettleiinga de får undervegs i praksisstudia. Det krev eit godt samspel mellom utdanningsinstitusjonane og kommunane. Eit meir effektivt og forpliktande samarbeid om praksisstudium er naudsynt for å sikre betre sluttkompetanse for kandidatane, i tråd med behova til kommunane.
Det har kome inn mange gode søknadar
Det er Diku (Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning) som deler ut pengane. Dei fekk inn til saman 23 søknadar frå 13 ulike utdanningsinstitusjonar. 12 av desse vart innvilga.
– Det er stor geografisk spreiing i prosjekta som får stønad. Kommunar i alle landets fylke er involverte. På denne måten får studentane praksisplassar av høg kvalitet, samstundes som det sikrar større rekruttering av kvalifisert helsepersonell til distriktskommunar, seier Diku-direktør Harald Nybølet.
Desse prosjekta får stønad:
Institusjon |
Prosjekt |
Tildeling, kr |
Høgskolen i Innlandet |
GIVE – Gjensidig Involvering og Villet Endring: Et samarbeid om praksis og praksisveiledning mellom utdanningsinstitusjon og kommuner |
10 000 000 |
Høgskolen i Innlandet |
Sammen og praksis – sammen om læring. 2-1-2-modellen |
5 358 119 |
Nord Universitet |
Sykepleier i Nord ‐ Nye samhandlingsmodeller for praksisstudier (NySaP) |
6 942 363 |
NTNU |
Fra student til kompetent yrkesutøver i kommunal helsetjeneste |
10 000 000 |
NTNU |
Å lære der og bli der ‐praksisstudier i kommunehelsetjenesten |
6 500 000 |
OsloMet |
Bærekraftig kommunepraksis for fremtidens fysioterapeuter |
5 171 879 |
Universitetet i Agder |
RødTråd– nye praksismodeller for barnevernstudenter |
9 994 183 |
Universitetet i Agder |
Læringsmiljø og veiledning i kommunal praksis: Ny modell for styrket samarbeid mellom sykepleierstudenter, praksisveiledere og praksislærere |
6 502 209 |
Universitetet i Bergen |
Flere praksisplasser og bedre veiledning for medisinstudenter på fastlegekontorene (FRONESIS) |
10 000 000 |
UiT – Norges arktiske universitet |
Arktisk Samprax: Praxis ved UiT Norges arktiske universitet – sykepleierutdanningen utforsker nye samarbeidsformer. |
10 000 000 |
VID vitenskapelige høgskole |
Kickstart på sykehjem |
9 998 292 |
VID vitenskapelige høgskole |
Veiledningsteam for samarbeid i kommunal praksis |
6 537 922 |
Sum |
|
97 004 967 |