Asheim vil knyte sterkare band mellom arbeidslivet og høgare utdanning
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Nr: 151-20 | Dato: 10.09.2020
Undervisningsopplegg bør lagast i samarbeid med arbeidslivet, og verksemder bør få fordelar dersom dei samarbeider med høgare utdanning, foreslår eit ekspertutval. Utvalet har akkurat levert ein rapport om samarbeidet mellom arbeidslivet og utdanningar som tradisjonelt har hatt lite kontakt.
- Altfor mange studentar har lite eller ingen kontakt med arbeidslivet i studietida. Eg meiner det er all grunn til å sjå nærare på korleis vi kan knyte sterkare band mellom arbeidslivet og utdanningane i utforminga av studieprogramma, i undervisninga og i studentoppgåvene. Det vil både studentane og arbeidslivet tene på, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim.
Regjeringa er i gang med ei stortingsmelding om samarbeidet mellom universitet, høgskolar og arbeidslivet.
Som ein del av dette arbeidet har ei ekspertgruppe i regi av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) sett på arbeidslivsrelevansen i elleve ulike studieprogram innan matematisk-naturvitskaplege fag, samfunnsvitskap og humaniora. Dette er typiske disiplinfag som har mykje teori, og tradisjonelt lite kontakt med arbeidslivet. Store grupper med studentar frå desse faga slit mest med overgangen frå studium til jobb, viser kandidatundersøkinga til NIFU.
Dårlegare samanheng mellom arbeidsliv og studium i Noreg samanlikna med andre land
Samarbeidet mellom arbeidslivet og studieprogram er dårlegare utvikla i Noreg enn i fleire andre europeiske land. Både for studentar og dei som underviser er det uklart korleis studieprogramma er relevante for arbeidslivet. Det er også stor skilnad i kor tett arbeidslivet er involvert i dei ulike studieprogramma.
- Sjølv om det blir gjort mykje godt arbeid, syner rapporten at utdanningane strevar med å kople arbeidslivet og det faglege innhaldet på ein god måte. Eit hovudpoeng for oss er at koplinga til arbeidslivet skal medverke til å auke studiekvaliteten og læringsutbyttet for studentane. Då må ein i større grad sjå fag og arbeidsrelevans i samanheng med kvarandre, seier NOKUT-direktør Kristin Vinje.
Ekspertgruppa peikar samstundes på at dette er fagområde som har stort potensial for å ta i bruk eit breitt spekter av tiltak. Dette kan vere praksisperiodar, å skrive oppgåver i samarbeid med næringsliv og offentleg sektor, fleire gjesteførelesarar frå arbeids- og næringsliv og å la studentane jobbe med konkrete problemstillingar frå arbeidslivet.
Foreslår insentivordningar for bedrifter
Dei ulike tilrådingane frå ekspertgruppa er retta mot Kunnskapsdepartementet, NOKUT og universiteta og høgskolane. Mellom anna tilrår dei at:
- Studieprogramma bør lage undervisningsopplegg i samarbeid med aktørar frå arbeidslivet, som er godt fagleg integrerte og har eit tydeleg læringsutbytte for studentane.
- Lærestader, i samarbeid med studieprogram, bør formulere mål og strategiar som medverker til å heve kvaliteten på studieprogramma gjennom arbeidslivsrelevans. Kunnskapsdepartementet bør vurdere å innføre insentivordningar for bedrifter som går inn i nært undervisningssamarbeid med studieprogram.
- NOKUT bør vurdere om også utdanningar som først og fremst kvalifiserer til vidare studium skal ha ein strategi for arbeidsrelevans.
- Det er mange spanande forslag eg meiner det er verdt å sjå nærare på når vi skal meisle ut ein ny politikk for betre samarbeid mellom arbeidslivet og høgare utdanning. Eg håpar både studentane, universiteta, høgskolane og arbeidslivet sjølve kastar seg inn i diskusjonen. Det er dei som veit aller best kor skoen trykkjer, seier Asheim.
Fakta
- I Studiebarometeret 2019 gir studentar på matematisk-naturvitskaplege fag, samfunnsvitskap og humaniora lågast skår av alle studentar på indikatoren "tilknyting til arbeidslivet".
- 53 % av programma som er med i studiebarometeret har ikkje noko form for praksis, medan 26 % har obligatorisk praksis, og 21 % har frivillig praksis. (heller skrive prosent heilt ut?)
- Kun rett over halvparten av studentane seier at dei får god informasjon om korleis dei kan nytte kompetansen sin i arbeidslivet. Berre 30 % svarer at det er gode moglegheiter for å jobbe med prosjekt og oppgåver i samarbeid med arbeidslivet, og over halvparten av studentane seier at det er ingen eller få moglegheiter for praksis i studieprogrammet dei går på.
- Kandidatundersøkinga til NIFU syner at 1 av 5 masterkandidatar ikkje er i relevant arbeid eit halvt år etter fullførte studium. Samstundes er berre 2,4 % av de som fullførte mastergrad i 2016 arbeidslause.
- 17 % av humanistar er i ufrivillig deltid eller i arbeid som er irrelevant for utdanninga 2-3 år etter avslutta utdanning (kandidatundersøkinga 2019). Dette tyder på at sjølv om det går bra under studia, er det nokre utfordringar i overgangen mellom høgare utdanning og arbeidslivet.
- Kandidatundersøkingane i 2011, 2015 og 2017 synte at det er ein lågare del som er arbeidslause blant dei som har hatt praksis enn blant dei utan praksis i utdanninga.
- I arbeidsgjevarundersøkinga 2019 svarte rundt 2 av 5 verksemder at dei har hatt studentar i frivillig praksis som ein del av studia.
- Arbeidsgjevarundersøkinga viser at arbeidsgjevarane er nøgde med kandidatane dei tilset. Men stadig melder 6 av 10 bedrifter at dei i nokon eller stor grad har udekka kompetansebehov (NHO kompetansebarometer 2019)