Betrar undervisninga om 22.juli
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Nr: 145-20 | Dato: 31.08.2020
Ein viktig del av førebygginga av ekstremisme og radikalisering handlar om å bygge demokratisk kompetanse hos nye generasjonar. For å styrke dette arbeidet i skulen har Det Europeiske Wergelandsenteret og NTNU laga nytt lærings- og refleksjonsmateriell om terrorangrepa 22. juli.
Terrorangrepa i regjeringskvartalet i Oslo og på Utøya kom inn som eit læreplanfesta tema i skulen frå og med hausten 2020. På oppdrag frå Utdanningsdirektoratet har Det Europeiske Wergelandsenteret og Institutt for lærarutdanning ved NTNU utvikla nytt læremateriell som kan støtte lærarane i undervisning om 22. juli 2011, og liknande hendingar.
– Det er viktig å styrke barn og unges demokratiske kompetanse, og det er viktig at vi klarar å fortelje og undervise om terrorangrepa 22. juli på ein god måte for dagens skuleelevar. Eg er stolt av arbeidet som er lagt ned, og meiner dette bidreg til å ruste vår viktigste fellesskapsinstitusjon – skulen – i å gjere nettopp dette, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).
Skal lære om 22.juli
Målgruppa for læringsmateriellet er lærarar som underviser på 1-10. trinn. Læringsmateriellet er nivåtilpassa dei ulike trinna, og inneheld vurderingar og råd til lærarar for å førebu undervisning om 22. juli. Lærarar kan finne forslag til læringsmål for å planlegge undervisninga, samt innhald som er tilpassa ulike fag og årstrinn.
– Det er viktig at elevane lærer om 22. juli i dei nye læreplanane. Det er eit vanskeleg tema å snakke om, og eg trur mange lærarar vil setje pris på å få denne støtta til undervisninga, seier Hege Nilssen, direktør i Utdanningsdirektoratet.
Gode ressursar tilpassa fag og årstrinn
Det Europeiske Wergelandsenteret er eit ressurssenter for opplæring i demokratisk medborgarskap, menneskerettarog interkulturell forståing. Sidan 2018 har dei, i samarbeid med Utøya og 22. juli-senteret, og med støtte frå Kunnskapsdepartementet, tatt imot elevar og lærarar frå heile landet ved læringssenteret på Utøya.
– Ein av erfaringane vi har gjort oss på læringssenteret på Utøya, er at lærarane synest det er vanskeleg å undervise om 22.juli. No får dei gode ressursar og råd, tilpassa fag og årstrinn, seier Ana Perona-Fjeldstad, direktør for Det Europeiske Wergelandsenteret.
– Det er viktig for oss å utdanne lærarstudenter som både er trygge på at det er riktig å snakke med barn om terror og annna skremande nyhende, og å vise studentane korleis dei kan bruke den merksemda terror tiltrekkjer seg, til å arbeide med sentralt fagstoff – i mange fag, seier Camilla Stabel Jørgensen, førsteamanuensis ved Institutt for lærarutdanning ved NTNU.
Læringsmateriellet er klart til bruk som ein fritt tilgjengeleg nettressurs.
– Tusen takk til lærarutdanninga ved NTNU, Wergelandsenteret, støttegruppa, og alle som har bidrege til å få på dette på plass. De har gjort eit grundig og viktig arbeid for lærarar og elevar – og i forlenginga – kunnskap om det norske demokratiet, seier Melby.