Dei med doktorgrad får seg jobb, men trivs best utanfor universiteta og høgskolane
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Dato: 22.09.2020
Ei ny undersøking blant folk med doktorgrad viser at dei som er tilsett i private og offentlege verksemder er meir nøgde enn dei som arbeider ved eit universitet eller ein høgskole.
- Det er ein styrke for Noreg at vi har ei høgt utdanna befolkning, og det er bra at dei fleste menneska med doktorgrad får seg jobb. Men eg er bekymra for den høge graden av mellombelse tilsettingar ved universitet og høgskolar. Dette problemet må dei ta tak i og gjere noko med, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).
Alt for mange er mellombels tilsette ved universitet og høgskolar
97 prosent er i jobb fire til seks år etter at dei har avlagt doktorgraden. Samstundes er det store skilnader mellom sektorane. Medan ein av fire som er tilsett ved eit universitet eller høgskole framleis er i mellombels stilling fire til seks år etter avlagt doktorgrad, gjeld dette langt færre av dei tilsette i andre sektorar. Undersøkinga tyder på at mange vel bort ein karriere ved universiteta og høgskolane til fordel for fast jobb i andre sektorar.
- Før var ein doktorgrad noko du tok for å bli professor. Slik er det ikkje lenger. Men sjølv om fleirtalet av doktorane skal ut i jobb i andre sektorar, kan ikkje universiteta og høgskolane risikere å miste dei klokaste hovuda til andre delar av samfunnet på grunn av arbeidsforhold. Eg har vore heilt tydeleg til sektoren om at andelen mellombelse tilsettingar må ned, seier Asheim.
Sidan 2014 har regjeringa og stortingsfleirtalet tildelt pengar til om lag 1300 rekrutteringsstillingar. I fjor var det 1583 som fekk doktorgrad. Dette er tre gonger så mange som for tjue år sidan. Samstundes arbeider stadig fleire med forsking og utvikling utanfor universiteta og høgskolane.
Regjeringa ønsker fleire doktorar ut i næringslivet og offentleg sektor
20 prosent av dei største medlemsbedriftene i NHO melder at dei treng fleire med doktorgradskompetanse. I denne nye NIFU-undersøkinga oppgjer 19 prosent av doktorane at dei arbeider i privat sektor.
- Vi treng fleire ekspertar med doktorgrader både i privat næringsliv og offentleg sektor. Om vi skal klare å effektivisere og fornye oss, treng vi folk som kan forske på eigen praksis, men også nytte nasjonal og internasjonal forsking til å betre tenester og produkt, seier Asheim.
Hovudfunn i undersøkinga
Fram til no har vi hatt lite systematisk kunnskap om korleis det går med doktorgradskandidatane etter disputasen, og om doktorgradsutdanninga blir opplevd som relevant for ein karriere utanfor universitetet. Difor har NIFU, på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet gjennomført ei undersøking av alle som gjorde ferdig doktorgraden i 2013, 2014 og 2015.
Funna frå undersøkinga skal nyttast i arbeidet med den kommande stortingsmeldinga om arbeidslivsrelevans og strategien for forskarrekruttering og karrierevegar i forsking og høgare utdanning.
Kor arbeider doktorane?
To av tre doktorar arbeider ved ein utdannings- og forskingsinstitusjon:
- ca. 36 % arbeider ved eit universitet eller ein høgskole
- 14 % arbeider ved eit forskingsinstitutt
- 16 % arbeider ved eit universitetssjukehus
- Rundt 19 % av doktorane arbeider i privat sektor og 7 % i offentleg sektor
Betydeleg andel mellombels tilsette på universitet og høgskolar
- Fleirtalet av doktorane oppgjer at dei er tilsette i fast stilling, men det er framleis eit betydeleg antal som er mellombels tilsette fire til seks år etter disputasen. Ved universitet og høgskolar gjeld dette ein av fire tilsette med doktorgrad.
Lønnsskilnader og arbeidsbelastning
- Doktorar ved universiteta og høgskolane har lågare løn enn doktorane i andre sektorar.
- Mannlege doktorar tener meir enn dei kvinnelege både i og utanfor utdannings- og forskingsinstitusjonane.
- Doktorane arbeider i snitt 44 timer i veka, og det ingen skilnader mellom sektorane.
Doktorane er nøgd med eigen arbeidsmarknadssituasjon
- Doktorane er mest nøgde med fast stilling, å kunne bidra positivt til samfunnet, og høvet til å nytte kompetansen sin. I tillegg er dei også nøgde med graden av ansvar og sjølvråde i noverande stilling.
- Funn tyder på at doktorar utanfor utdannings- og forskingsinstitusjonar har veld bort forskingstid til fordel for fast stilling og ei meir tenleg arbeidsmengde.
- Omtrent halvparten av doktorane er sysselsette i sektoren dei ønskte å arbeide i då dei begynte på doktorgraden sin.
Kan for lite om innovasjon, leiing og samarbeid
- Uavhengig av sektor oppgjer doktorane at dei hadde lågare kompetanse i generiske evner som nytenking og innovasjon, leiing og samarbeid ved ferdig utdanning enn det dei har behov for i noverande stilling.
Utanlandsopphald har betydning for vidare karriere
- 1/3 av respondentane har vore på minst eitt utanlandsopphald i løpet av doktorgradsutdanninga. Doktorar med utanlandsopphald har i større grad hovudstilling i universitets- og høgskolesektoren enn doktorar utan.