Historisk arkiv

Den endelege evalueringa av fråværsregelen er klar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Måndag 15. juni offentleggjer statsminister Erna Solberg og kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby ei endeleg evaluering av fråværsregelen som regjeringa innførte for fire år sidan.

Målet med fråværsregelen som regjeringa innførte i 2016, var mellom anna å auke oppmøtet til elevane, slik at dei lærer meir, og å redusere fråfallet i vidaregåande opplæring.

Med fråværsregelen kan elevar som har meir enn 10 prosent udokumentert fråvær i eit fag, som hovudregel ikkje få karakter i faget.

Forskarar frå FAFO har gjort ei evaluering av fråværsregelen på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet, og måndag vil dei presentere funna frå sluttevalueringa. Statsministeren og kunnskaps- og integreringsministeren vil kommentere funna.

Det blir mogleg å intervjue Erna Solberg og Guri Melby, og elevar frå elevrådet ved Lambertseter videregående skole.

 

Stad: Lambertseter videregående skole, Cecilie Thoresens vei 6, hovudinngangen, 2. etasje, Studieverkstedet

Tid: Måndag 15. juni

Klokka: 10.50

Pressekontakt: Journalistar som ønsker å vere til stades kan ta kontakt med kommunikasjonsrådgivar i Kunnskapsdepartementet Ragnhild Skaara Imset på mail rask@kd.dep.no eller på mobil 934 35 930. Journalistar som ønsker å intervjue statsministeren kan kontakte kommunikasjonsrådgivar ved Statsministerens kontor Ida Dahl Nilsen på mail: Ida-Dahl.Nilssen@smk.dep.no eller på mobil 962 37 276