Evaluering av fylkesvise mobbeombod
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Nr: 128 - 20 | Dato: 06.07.2020
Rundt seks prosent av norske barn og ungdom i skolen opplever mobbing. Hausten 2018 blei det innført ei ordning med fylkesvise mobbeombod for barnehage og grunnskole for å forsterke arbeidet mot mobbing. I ei ny evaluering kjem det fram at ordninga med mobbeomboda er for lite kjend, men at den bidreg til eit tryggare skole- og barnehagemiljø når mobbeomboda er involvert.
– Dette er gode nyheiter og viser at her har vi fått til mykje. I følgje lova er det nulltoleranse mot krenkingar som mobbing, vald, diskriminering og trakassering i skolen og det skal vi framleis arbeide for, seier statssekretær i Kunnskapsdepartementet Grunde Kreken Almeland.
Omboda har eit nasjonalt mandat og er tilsett hos fylkeskommunen for å være uavhengige uansett kven som eig barnehagane eller skolene.
– Det er viktig at mobbing blir tatt på alvor, og det er difor vi har innført fylkesvise mobbeombod. Dei skal være tilsett hos fylkeskommunen for å være uavhengige dersom konfliktar oppstår, seier Almeland.
Meir involvering av familiane
Evalueringa viser også at mobbeomboda bidreg til at barn og foreldre i aukande grad blir involverte i saker som gjeld det psykososiale miljøet og at foreldre og elevar meiner dei fylkesvise mobbeomboda trengs. Trass i dette kjenner dei fleste ikkje til ordninga eller kva mobbeombodet kan hjelpe med.
– Denne evalueringa har undersøkt om ordninga med fylkesvise mobbeombod sikrar at barnehageborn og elevar får eit trygt og godt miljø fritt for mobbing. Evalueringa er viktig i arbeidet for å betre tilbodet, og her ser vi at informasjonen om tilbodet må bli betre kjent.
Når det gjeld dei foreldra som har vore i kontakt med ombodet, fortel dei at dei opplevde å møte forståing, at dei fekk informasjon og råd og at ombodet
Saknar fagmiljø
I rapporten kjem det også fram at sidan omboda er plasserte i fylkeskommen saknar nokon av dei eit fagmiljø og arbeidsfellesskap. Dei som har eit nært samarbeid med elev- og lærlingombodet for vidaregåande skoler er litt meir nøgde med det faglege og sosiale arbeidsmiljøet enn dei som ikkje har det.
FAKTA: Fylkesvise mobbeombod
Frå hausten 2018 blei det innført ei ordning med fylkesvise mobbeombod for barnehage og grunnskole med eit nasjonalt mandat. Mobbeomboda er plasserte hos fylkeskommunane for å være uavhengig av eigarar for barnehagar og skoler. Ordninga bygde på erfaring frå ei utprøving av mobbeombod for vidaregåande skole i fire fylkeskommunar i perioden 2014 – 2016. Det er i alt 18 ombod.
Mandat:
- Støtte og rettleie born, elevar og foreldre i saker om psykososialt miljø.
- Jobbe førebyggjande med informasjon og opplæring til barn, elevar og foreldre.
- Skape dialog og bidra til ei god og tverrfagleg oppfølging etter at saker er handterte.
- Bidra til dokumentasjon og erfaringsdeling i fylket og nasjonalt.
- Støtte elev- og lærlingombodet i arbeidet med psykososialt miljø.
FAKTA: Evalueringsrapporten
NOVA har på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet evaluert ordninga med fylkesvise mobbeombod. Prosjektet har halde på i perioden sommar 2018 til juni 2020. Hovudproblemstillinga har vore å få svar på i kva grad ordninga sikrar likeverd i alle barnehageborn og elevars rett til eit trygt og godt miljø fritt for krenkingar og mobbing i skolen og i barnehagen.