Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim besøkjer Bergen fredag 4.september
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Dato: 03.09.2020
Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) skal mellom anna opne det nye bygget ved Høgskulen på Vestlandet, besøkje restauranten Fjellskål, som har fått pengar til å kurse eigne tilsette. Han skal også møte rektorar og studentleiarar frå byens universitet og høgskular.
Fredag deltek statsråd Asheim på opninga av det splitter nye høgskulebygget på Kronstad, hos Høgskulen på Vestlandet. Bygget legg til rette for ein digital studie- og arbeidskvardag, og har mellom anna eit nytt læringslaboratorium som gir høve til å utvikle ny undervisning og nye digitale arbeidsmåtar.
Deretter besøkjer Asheim restaurant Fjellskål. Serveringsstaden har fått pengar til å kurse dei tilsette i norsk, gjennom ordninga Kompetansepluss. Då koronakrisa ramma, blei det enno viktigare enn før for dei tilsette å meistre språket. Kompetansepluss gjev verksemder høve til å tilby eigne tilsette tilpassa kompetanseheving på arbeidsplassen, direkte knytta til dei arbeidsoppgåvene dei har.
Statsråden vil også møte rektorane og studentleiarane ved Universitetet i Bergen, Noregs handelshøgskule og Høgskulen på Vestlandet til dialog for å høyre om korleis studiestarten har gått og korleis dei opplever heile studiesituasjonen sin i den koronapandemien vi no står midt i.
Program fredag 4. september:
Tid: 09.30-11.45: Opning av nybygg på campus Kronstad
- 09.45-10.00: Pressetid
- 10.00-11.45: Opningsseremoni
Stad: Høgskulen på Vestlandet, Campus Kronstad, (Inndalsveien 22 )
Tid: 12.00-12.30: Asheim besøkjer tilsette på restaurant Fjellskål
Stad: Strandkaien 3
Tid: 13.15-14.00: Møte med rektorar og studentleiarar. Dei er tilgjengelege for pressa etter møtet.
Stad: Universitetet i Bergen, Muséplassen 1
Kontakt: Journalistar som ønskjer å vere til stades kan kontakte kommunikasjonsrådgjevar Johanne Severinsen på telefon 91 11 48 68 eller pr. e-post på johanne.severinsen@kd.dep.no