Forsknings - og høgare utdanningsminister Henrik Asheim besøker Høgskolen i Østfold måndag 14. september
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Dato: 10.09.2020
Denne hausten starta Høgskolen i Østfold opp eit nytt bachelorstudium innanfor feltet paramedisin. Studiet viste seg å vere det mest populære på høgskolen i år, med over 20 søkarar per plass.
Ein paramedisinar jobbar med akuttmedisin utanfor sjukehus og i ambulansetenesta, der riktig førstehjelp kan avgjere liv eller død. Det er stort behov for folk med denne type kompetanse, både i Helse Sør-Aust, men også nasjonalt. Måndag 14. september kjem statsråd Asheim til Fredrikstad for å besøke dei nye paramedisinstudentane, og for å sjå dei i aksjon.
Stad: Høgskolen i Østfold, Fredrikstad
Kobberslagerstredet 5, Kråkerøy
Program måndag 14.september:
11.15-11.20: Høgskolen tar imot statsråden ved hovudinngangen.
11.20-11.50: Studentar ved paramedisin får undervisning ute ved ambulanse før dei viser fram "Body interact", som er ein digital simulator basert på spelteknologi.
11.50-12.10: Pressa har høve til å intervjue statsråd og studentar.
Kontakt: Journalistar som ønskjer å vere til stades kan kontakte kommunikasjonsrådgjevar Hanne Roald på telefon 98 66 07 37 eller per e-post på hanne.roald@kd.dep.no