Gjer det enklare å reise på skoleturar innanlands
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Dato: 06.10.2020
Koronakrisa har sett ei stoppar for skoleturar til utlandet. No gjer regjeringa det enklare å reise innanlands for elevar som vil lære om antisemittisme.
– Det er viktig at elevane lærer om det som skjedde under andre verdskrig, og vi må ikkje la koronakrisa hindre elevane i få denne lærdomen. Derfor vil vi gjere det lettare å reise på skoletur i Noreg. Samstundes må vi kunne rekna med at dei som arrangerer turane, passar på at smittevernreglane blir følgde, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).
Kan søkje om 15,5 millionar – søknadsfristen utvida
For skoleåret 2020-21 er det sett av 15,5 millionar kroner til skoleturar for elevar om vil besøkje konsentrasjonsleirar og minnestader frå andre verdskrigen. Tilskotsordninga blei oppretta i fjor som del av handlingsplan mot antisemittisme. Da var ordninga retta mot turar med minst tre overnattingar, og tilskot gjekk i hovudsak til turar til utlandet.
I dag vert tilskotsreglane endra, slik at skoleturane i større grad kan gjerast til minnestader i Noreg. No kan turane vere på under tre overnattingar, og blant anna kan også dagsturar få tilskot viss dei er del av eit pedagogisk opplegg om antisemittisme.
Søknadsfristen vert utvida til 20. november. Søkjarar kan vere skolar, kommunar, foreldreutval, lag og foreiningar, og profesjonelle turoperatørar.
Understrekar smittevern
Ordninga er for elevar i ungdomsskolen og vidaregåande opplæring, og det er Utdanningsdirektoratet som fordeler tilskota.
Reglane er tydelege på at arrangøren må sørge for at smittevernreglane som gjeld for skolane også blir følgde på skoleturen, og ha oversikt over deltakarane i tilfelle ein treng å spore smitten etter turen.