Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby besøker Bergen tysdag 18.august
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Nr: Presseinvitasjon | Dato: 17.08.2020
Mange elevar begynner i vidaregåande opplæring utan dei faglege føresetnadene dei treng for å fullføre. Talet på elevar som har psykiske vanskar aukar. Det er også ei utfordring at fagopplæringa ikkje dekker behova til arbeidslivet godt nok. På skulebesøka vil statsråden få innspel til ei stortingsmelding om vidaregåande opplæring, som kjem våren 2021.
Program
Kl 09.30 - 11.00 Besøk på Amalie Skram videregående skole, Lungegårdskaien 40, 5015 Bergen
Statsråden skal møte elevar, fadrar, studentar og tilsette og snakke om å vere studieførebudd, og korleis dei skaper eit trygt og godt skulemiljø.
Kl 11.30 - 12.30 Besøk på Hyssingen produksjonsskole, Møllendalsveien 63B, 5009 Bergen
Statsråden skal møte lærlingar på kokke- og servitørfaget, som driftar ein kafé. Ho får servert lunsj, og vil snakke med dei om individuelt tilrettelagde løp og praktisk veg til fagbrev.
Kl 13.30 – 15.00 Besøk på Knarvik vidaregåande skule, Juvikstølen 9, 5916 Isdalstø
Statsråden møter elevar og tilsette på TIP-verkstaden og i kantina der elevane jobbar. Desse elevane går eit dobbelkompetanseløp (TAF/YSK), med modulbasert organisering av opplæringa. Det er også opplæring for elevar med særskilte behov.
Pressa er invitert med på alle besøka, og statsråden er tilgjengeleg for intervju.
Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgivar Ajfer Husejin, mobil 95936485