Historisk arkiv

Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby besøker Sogndal måndag 10. august

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Statsråden skal opne Fosshagen utdanningsbarnehage. Så skal ho vidare til opning av studieåret på campus på Høgskulen på Vestlandet. Ho skal også besøke Sogndal vidaregåande skule, før ho avsluttar dagen med å møte representantar frå Vitensenteret.

Program

Kl 10.15 - 11.35 Opning av Fosshagen utdanningsbarnehage, adresse  Dalavegen 2, 6856 Sogndal

Statsråden får møte ungar og tilsette. Ho deltek i panelsamtale om nytta av eit samarbeid mellom utdanningsbarnehagen, utdanningsinstitusjonar og praksisfeltet, og held ei opningshelsing.

Kl 12.15 – 13.00 Delta på opning av studieåret på Høgskulen på Vestlandet (HVL), adresse Røyrgata 6, 6856 Sogndal

Statsråden blir med studentar og fadrar på ulike postar på Campus, som er ein del av semesterstarten for studentane. Ho får også orientering om rekrutteringsprosjektet for lærarutdanning.

Kl 13.30 – 14.40 Besøk på Sogndal vidaregåande skule, adresse Lunnamyri 2, 6856 Sogndal

Statsråden møter elevar og tilsette. Blant dei er lærlingar og ein elev som skal bu på hybel. Tema er korleis ein skal få elevane kvalifiserte for å bli lærlingar og korleis ein skal formidle dei til lærebedrifter. Statsråden vil få innspel til ei stortingsmelding om vidaregåande opplæring, som kjem våren 2021. Eit tema i meldingsarbeidet er at fagopplæringa ikkje dekker behova til elevane og arbeidslivet godt nok. Berre 36 prosent av dei som begynner på yrkesfag har tatt fagbrev 5 år etter oppstart.

Vaksenopplæring for minoritetsspråklege blir også eit tema.

Kl 15.00 – 15.45 Møte representantar for Vitensenteret ViteMeir. Møtet finn stad på Sogndal vidaregåande skule (vitensenteret er under bygging).

Vitensenteret skal fortelje om planane dei har for ViteMeir-senteret

Pressa er invitert med på alle besøka, og statsråden er tilgjengeleg for intervju.

Pressekontakt: kommunikasjonsrådgivar Cathrine Slaaen, mobil 97677247