Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby besøker Trondheim tysdag 25.august
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Nr: Presseinvitasjon | Dato: 24.08.2020
Mange elevar byrjar i vidaregåande opplæring utan dei faglege føresetnadene dei treng for å fullføre. Og talet på elevar som har psykiske vanskar aukar. Det er også ei utfordring at fagopplæringa ikkje dekker behova til arbeidslivet godt nok. På skulebesøka vil statsråden få innspel til ei stortingsmelding om vidaregåande opplæring. Meldinga kjem våren 2021.
Program
Kl 09.30 - 10.30 Besøk på Ole Vig videregående skole, Gymnasgata 2, 7500 Stjørdal
Statsråden skal møte elevar og tilsette, og snakke om samarbeid mellom skole og næringsliv.
Kl 11.00 – 11.30 Besøk Trondheim høyere yrkesfagskole, Gymnasgata 2, 7500 Stjørdal
Statsråden skal møte elevar, rådgjevar og rektor. Tema er mellom anna karriereretleiing og fagskulane si rolle som kompetansetilbydar til arbeidslivet i Trøndelag.
Kl 13.00 – 14.30 Besøk på Heimdal vidaregåande skule og Kolstad arena, Blisterhaugvegen 15, 7078 Saupstad
Statsråden møter elevar og tilsette. Tema er psykisk helse, trivsel og inkludering. Statsråden får også ein presentasjon av nyskolen og områdeløftet.
Pressa er invitert med på alle besøka, og statsråden er tilgjengeleg for intervju.
Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Ajfer Husejin, mobil 95936485