Lydgulvsystemer er vinnar av Mangfaldsprisen 2020
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Nr: 152-20 | Dato: 14.09.2020
Golventreprenøren frå Lunner på Hadeland vann i dag heidersprisen Årets mangfaldsverksemd på regjeringas integreringskonferanse. – Verksemda Lydgulvsystemer viser oss korleis ein kan skape godt samhald, og fagleg fellesskap i eit mangfaldig arbeidsmiljø. Dei har møtt utfordringar, men har likevel lukkast med å skape lønsemd for ei mangfaldig verksemd. Eg vil gratulere så mykje, seier kunnskaps-og integreringsminister Guri Melby.
Mangfaldsprisen er regjeringas utmerking for meisterleg bruk av kompetansen til innvandrarar i arbeidslivet. Både store og små verksemder kan bli nominerte til prisen, og alle kan nominere arbeidsgjevarar dei meiner utmerkar seg i mangfaldsarbeidet. Prisen går til leiarar og tilsette som viser at det som skil oss frå kvarandre, også kan gjere oss sterkare saman.
Daglig leiar i Lydgulvsystemer, Kristian Mellem, seier det er stort å vinne prisen.
– Som gründer er ein opptatt av å bygge ei verksemd som tener pengar, og som er i vekst, men vi er også opptatt av å bygge dei menneska som arbeider her. Denne prisen betyr at vi også har lykkast med det, seier han.
– Eit stabilt fotfeste i arbeidslivet er ein viktig føresetnad for at menneske med innvandrarbakgrunn skal lykkast i Noreg. Gjennom Mangfaldsprisen ønsker regjeringa å motivere arbeidsgjevarane til auka medvit om verdien av mangfald, og ulik bakgrunn som ressurs, seier Melby.
Den jobben årets mangfaldsverksemd, og alle dei andre prisvinnarane utfører, er viktig for at innvandrarar og familiane deira skal kunne lykkast med å bli ein integrert del av det norske samfunnet.
Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) har mottatt over 318 framlegg til prisvinnarar, og har leia nominasjonsprosessen. Seks regionale juryar har valt ut 12 regionale vinnarar, fordelte på to kategoriar; små verksemder og mellomstore/store verksemder.
– Det er mange gode mangfaldsbedrifter, og konkurransen har vore hard. Dei seks verksemdene som til slutt fekk plass på pallen, viser veg inn i eit moderne og inkluderande norsk arbeidsliv. Velferdsmodellen vår er avhengig av at kompetansen og ressursane til den einskilde blir tatt i bruk, seier direktør for Integrerings- og mangfaldsdirektoratet Libe Rieber Mohn.
Prisvinnaren har hatt ein kraftig vekst dei siste fem åra, og har i dag 14 tilsette frå land som Syria, Sør-Afrika og Polen. Mellem er overtydd om at eit større etnisk mangfald på arbeidsplassen er eit konkurransefortrinn for dei, og at dette er ei av årsakene til dei siste åras suksess.
– Dessverre er det slik at for mange innvandrarar er det vanskeleg å komme i arbeid. Dersom ein står utanfor arbeidslivet, står ein ofte også utanfor andre fellesskap. Heldigvis finst det verksemder der ute som tenker annleis, og som tilset folk på tvers av bakgrunn, språk og nasjonalitet. Difor er Mangfaldsprisen viktig, avsluttar kunnskaps -og integreringsminister Guri Melby.
Nasjonale prisvinnarar Mangfaldsprisen 2020
Små verksemder
- Gull: Lydgulvsystemer (Viken)
- Sølv: Café Vintage (Vestfold og Telemark)
- Bronse: Averøy Regnskapslag (Møre og Romsdal)
Store verksemder
- Gull: Øst politidistrikt (Viken)
- Sølv: Hennig Olsen (Agder)
- New Normal Group (Vestfold og Telemark)
Årets mangfaldsverksemd: Lydgulvsystemer
Les meir om Mangfaldsprisen her