Nær halvparten av elevane starta på yrkesfag i 2019
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Nr: 24-20 | Dato: 06.02.2020 | Sist oppdatert: 20.02.2020
Helse- og oppvekstfag er dei mest populære yrkesfaglege utdanningsprogramma, medan studiespesialisering er størst av dei studieførebuande. – At fleire elevar vel yrkesfag er bra. Vi vil trenge mange fagarbeidarar i åra som kjem, seier kunnskaps- og integreringsminister Trine Skei Grande.
Sidan 2014 har andelen elevar på yrkesfag auka, medan andelen på studieførebuande fag har minka. No startar 49 prosent av elevane på Vg1 på yrkesfag.
– Regjeringa si satsing på yrkesfag gjev resultat. Heile 8 av 10 elevar får læreplass, og fleire enn før fullførar og tek fagbrev. Men det er framleis for mange som fell ut av vidaregåande opplæring. Difor jobbar regjeringa med ei ny stortingsmelding om vidaregåande opplæring, seier Grande.
Språk, samfunnsfag og økonomi mest populært
På Vg2 vel elevane kva for programområde dei vil ta innanfor utdanningsprogrammet dei går på. Innan studiespesialiserande utdanningsprogram vel 56 prosent av elevane språk, samfunnsfag og økonomi. 42 prosent vel programområdet realfag. Dei resterande tre prosentane vel ikkje fag, sidan dei går på ei line som er tilgjengeleg på visse private skular.
Kjønnstypiske utdanningsval
Det er store skilnader i val av programområde for jenter og gutar, særleg i dei yrkesfaglege utdanningsprogramma. Kjønnsskilnadene er særs store på programområda bygg- og anleggsteknikk, elektrofag, teknikk og industriell produksjon og helse og oppvekstfag.
Bygg- og anleggsteknikk og elektrofag har heile 94 prosent gutar. Helse- og oppvekstfag har 81 prosent jenter.
– Vi ser at tradisjonell kjønnsdeling framleis er trenden. Eg håper fleire jenter og gutar tør å velje meir utradisjonelt i åra som kjem. Vi treng begge kjønn i alle yrke, seier ministeren.