Historisk arkiv

Sju universitet og høgskular får 70 millionar til betre undervisning

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Pengane går til å utvikle nye og studentaktive måtar å undervise og vurdere studentane på. – Dette er ein viktig del av regjeringas satsing på høgare kvalitet i utdanningane, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).

I alt 14 prosjekt får inntil fem millionar kroner kvar i støtte til å utvikla nyskapande undervisnings- og vurderingspraksis. Det er Universitetet i Bergen (seks prosjekt), Universitetet i Oslo (to prosjekt), NTNU (to prosjekt) og eit prosjekt ved UiT – Noregs arktiske universitet, Universitetet i Agder, Noregs miljø- og biovitenskapelige universitet og VID vitskaplege høgskole som får støtte. Det kom inn 86 søknadar frå høgare utdanningsinstitusjonar over heile landet.

– Prosjekta som får støtte skal gi betre læring for studentar som mellom anna tar  juss, medisin, lærarutdanning, ingeniør og helsefag. Fleire av prosjekta har utvikling av tverrfaglege utdanningsprogram og digitale moglegheiter som viktige element. Målet er at arbeidet som skjer i prosjekta skal kome alle studentar til gode, seier Asheim.

Ekstra ressursar for å spreie resultata
Det er Diku, Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning, som deler ut pengane. På grunn av det høge talet på søknader blei summen auka frå 50 til 70 millionar kroner slik at fleire kunne få støtte.

– Koronautbrotet førte til at universitet og høgskular måtte leggje om til digital undervisning og vurdering meir eller mindre over natta. Tilsette har lagt ned eit imponerande arbeid for å få dette til. Prosjekta som er tildelte pengar får no ekstra ressursar til å jobbe systematisk og spreie resultata frå utviklingsarbeidet sitt til andre miljø og institusjonar, seier Diku-direktør Harald Nybølet.

Årets tildeling er den andre innan Dikus program for studentaktiv læring, som blei etablert i kjølevatnet av stortingsmeldinga «Kultur for kvalitet i høgare utdanning».

– Ein viktig fellesnemnar for desse prosjekta er at dei skal utvikle og forske på effektane av nye lærings- og vurderingsformer. Prosjekta må vise til at dei har eit omfang og ambisjonsnivå som skal heve heile studieprogram eller større emnegrupper, seier Nybølet.

 Her er prosjekta som får støtte:

Institusjon

Prosjekt

Sum i kr.

VID ‐ Vitskaplege høgskule

Solstien 3 ‐ eit digitalt læringshus for studentaktive arbeidsformer

4 899 683

NMBU

Transfagleg didaktikk for komplekse samfunnsutfordringar i Master i urbant landbruk

5 000 000

NTNU

SUPER: Studentaktiv læring gjennom umedgjerlege problem

4 973 592

NTNU

VR‐Learn

4 980 000

UiT – Norges arktiske universitet

 

VR‐teknologi i utvikling av terapeutisk kompetanse hos helsefagstudentar

4 999 000

Universitetet i Agder

STALU ‐ studentaktiv læring i lærarutdanningane

4 997 000

Universitetet i Bergen

Betre læring, betre juristar

4 985 000

Universitetet i Bergen

FREMFARM –Å utdanne farmasøytar klare til å møte morgondagens utfordringar

4 991 800

Universitetet i Bergen

Medical students’ professional identity formation during hospital practice (PROFMED)

5 000 000

Universitetet i Bergen

Prinsippbasert aktiv undervisning for sterkare fysikk‐ og ingeniørstudentar

4 780 401

Universitetet i Bergen

Innovasjonspedagogikk for medieutdanningar. Vidareutvikling, strukturering og overføring av radikalt studentaktiv læring utvikla i Media City Bergen

4 998 948

Universitetet i Bergen

Innovative Lærarstudentar: Undervisningsdesign for kreative kunnskapsprosessar og studentaktivitet (ILUKS)

4 996 277

Universitetet i Oslo

Digital Integrering av Videovurdering på ulike Arenaer (DIVA2)

5 000 000

Universitetet i Oslo

Ferdigheitsbasert læring for helseprofesjonsutdanningar

5 000 000