Nyutdanna IKT-studentar kjem seg i arbeid, men jobbane er først og fremst i Oslo-regionen
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Nr: 147 - 20 | Dato: 04.09.2020
Det har vore eit paradoks at medan arbeidslivet roper etter IKT-kompetanse, har mange nyutdanna innan IKT slite med å få seg arbeid. Ein ny rapport viser at dei aller fleste får seg jobb etter kvart, men at dei må vere villige til å flytte på seg.
- Vi ser at dei fleste med mastergrad i IKT er i arbeid eit halvt år etter at dei er ferdige, og at alle er i jobb etter to til tre år. Det betyr at desse studentane er attraktive og at universiteta og høgskolane tilbyr utdanning som arbeidslivet har bruk for. Likevel er det overraskande at ikkje fleire får tilbod om jobb nærast før dei er ferdig utdanna, når vi ser kor stort behovet etter IKT-kompetanse er, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).
"IKT-paradokset"
Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU) fekk i fjor i oppdrag av Kunnskapsdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet å undersøkje arbeidsmarknadssituasjonen for personar med IKT-relaterte høgare utdanning.
NIFU's kandidatundersøking frå 2018 viste at arbeidsløysa blant IKT-utdanna var nesten dobbelt så høg som gjennomsnittet for alle masterutdanna trass i at arbeidslivet strevde med å få tak i denne kompetansen. Dette paradokset er no undersøkt. Funna viser at nyutdanna får seg jobb, men at for nokre tar det framleis noko tid.
Mange flyttar til Oslo-regionen for å få jobb
NIFU sin nye rapport synar at arbeidsløysa er mykje lågare for nyutdanna IKT-studentar som bur i Oslo eit halvt år etter eksamen, enn for dei som bur andre stadar i landet.
- Det er ikkje overraskande at mange nyutdanna søkjer seg til Oslo og sentrale delar av Viken, men det betyr ikkje at det må vere slik, seier distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland (H). Ho meiner det er mykje spanande som skjer når det gjeld digitalisering i distrikta.
- Det vil vere mykje større etterspurnad etter digital kompetanse i heile næringslivet, og kanskje særleg i distriktsnæringar som energi, transport og havbruk. Framtida for desse næringane handlar langt på veg om digital omstilling. Tilgang til IKT-kompetanse i distrikta er ein føresetnad for å lykkast, seier Hofstad Helleland.
Kompetanse om IKT-sikkerheit mest etterspurd
Rapporten har ikkje funne haldepunkt for at arbeidsløysa blant nyutdanna skuldast at nokre utdanningar er mindre relevante. Samstundes er det dei studentane som har hatt emne om IKT-sikkerheit, og om korleis dei kan skreddersy IKT-leveransar for kundar, som er mest attraktive for arbeidsgjevarane.
- Dette er to viktige funn som viser at det er avgjerande for utdanningsinstitusjonane å følgje med på kva arbeidslivet etterspør av kompetanse, seier Asheim.
Bør vurdere meir praksis under utdanninga
Ein måte å få fleire nyutdanna ut i jobb på, kan vere at verksemder i distrikta, og utdanningsinstitusjonane, samarbeider meir om å opprette praksisplassar.
I dag er praksis i liten grad brukt i IKT-utdanningane.
- Det er ikkje overraskande at rapporten peikar på at meir praksis kan vere nøkkelen til å få fleire nyutdanna frå IKT-faga ut i jobb. I åra framover treng vi meir samarbeid mellom utdanning og arbeidsliv. Derfor har regjeringa tatt initiativ til å utarbeide ei eiga stortingsmelding om arbeidslivsrelevans som etter planen blir lagt fram våren 2021. Men det er ingen grunn til at universiteta og høgskolane skal vente på den meldinga, dei bør allereie no sjå på moglegheitene for praksis i desse utdanningane, seier Asheim.