Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim får ny rapport om kompetansebehova i arbeidslivet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Dato: 07.02.2020
Måndag 10. februar får statsråd Asheim den siste av til saman tre innstillingar frå Kompetansebehovsutvalet. Utvalet er sett ned av Kunnskapsdepartementet. Rapporten slår fast at Noreg treng meir kvalifisert arbeidskraft og at fleire tar vidareutdanning.
Det siste året har utvalet, leia av professor Steinar Holden ved Universitetet i Oslo, undersøkt Noregs komande kompetansebehov. Utvalet peiker mellom anna på at kompetansebehova endrar seg, og dette gjeld alle yrkesgrupper. Nokre sentrale ferdigheiter dannar fundamentet for kompetanse, og det er særleg mangel på kvalifisert arbeidskraft innan sektorar som helse, bygg og IKT. I tillegg peiker utvalet på at arbeidslivspraksis er ei utfordring i høgare utdanning, og at den ujamne kjønnsbalansen i utdanninga forsterkar kjønnsforskjellar i arbeidslivet.
Også Kompetanse Norges Virksomhetsbarometer 2019 peiker på fleire av dei same utfordringane. Totalt seier 41 prosent av verksemdene at dei i nokon eller i stor grad har eit udekka kompetansebehov.
Tid: Måndag 10. februar klokka 10.00 – 11.00
Stad: Skanska Parallell, Lørenveien 73, 0580 Oslo
Det blir høve til å intervjue statsråd Asheim og utvalsleiar Holden, i tillegg til fagarbeidarar frå Skanska.
Kontakt:
Journalistar som ønsker å vere til stades kan ta kontakt med kommunikasjonsrådgjevar Kamilla Amundsen Willix på telefon 41649970 eller pr. e-post på kawi@kd.dep.no
Vi ber journalistar om å vere ute i god tid.
Overlevering av Kompetansebehovsutvalgets rapport
Sjå sendinga her