Pressekonferanse om søkartala til høgare utdanning
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Dato: 22.04.2020 | Sist oppdatert: 26.08.2020
Fredag 24. april presenterer forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim og Samordna opptak søkartala til universitet, høgskular og fagskular.
Fristen for å søke var 15. april, og fredag blir det kjent kva slags trendar vi ser blant søkarane i år. Er det til dømes fleire eller færre søkarar enn i fjor? Kva for utdanningsområde har størst auke, og kva for utdanningsområde har størst nedgang?
Direktør i Unit, Roar Olsen, vil presentere søkartala og seie noko om dei store linjene. Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim vil kommentere søkartala og svare på spørsmål.
Tid: Fredag 24. april Kl.09.00 – 10.30.
Oppmøtetid: Kl. 08.45. Ta med gyldig pressekort og ID.
Stad: Kunnskapsdepartementet, Kirkegata 18, 0153 Oslo
Pressa er velkomen og det blir høve til å intervjue statsråden og Olsen. Hugs at du av omsyn til smittervern må melde frå om du kjem på førehand.
Presse som ikkje har høve til å møte, eller ikkje ønsker å kome på grunn av smittefare, kan følge pressekonferansen på regjeringen.no/kd.
Det er sett av tid til spørsmål mellom kl. 09.20 og 10.30. Du kan allereie no ta kontakt for å setje deg på liste for intervju.
Kontaktperson for spørsmål og påmelding: kommunikasjonsrådgivar i Kunnskapsdepartementet Ragnhild Skaara Imset på telefon: 93435930 eller e-post: rask@kd.dep.no.
Det kan, ved stor pågang, vere aktuelt å be pressa om å følge pressekonferansen digitalt. Sjå Folkehelseinstituttet sine nettsider for meir informasjon om smittevern.
Pressekonferanse om søkartala til høgare utdanning
Sjå sendinga her