Regjeringa ønskjer friare skuleval for elevar i vidaregåande skule
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Dato: 22.11.2020
Det skal innførast fritt skuleval i heile landet, men det skal vere mogleg for fylkeskommunane å fastsetje eigne inntaksområde. Det betyr at fylkeskommunar ikkje lenger kan ha inntak etter eit nærskoleprinsipp. – Regjeringa ønskjer at elevar skal ha større moglegheit til å velje kva vidaregåande skule dei skal starte på enn det mange har i dag, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby.
I fjor sendte regjeringa to modellar for fritt skuleval på høyring. Det kom mange innspel til modellane.
– Med utgangspunkt i innspela skal det no lagast ein ny modell som gjer elevane eit friare skuleval, samtidig som den skal følgje opp nokre av innspela som kom i høyringa, seier Melby.
Det er Utdanningsdirektoratet som får i oppdrag å lage den nye modellen. Det vidare arbeidet skal gjerast i tett dialog med KS og fylkeskommunane.
– Utdanningsdirektoratet skal også sjå på kva konsekvensar eit friare skuleval vil ha for mellom anna kostnadar til skyss, behov for elevbustadar og skulestruktur, seier kunnskaps- og integreringsministeren.
Kunnskapsdepartementet tek sikte på at endringane kan fastsetjast våren 2021, og tidlegast gjelde for elevar som søkjer om plass på vidaregåande skule hausten 2022.