Statsbudsjettet 2021:
Regjeringa satsar på kompetanseheving og betre kvalitet i barnehagen
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Dato: 07.10.2020
Alle barn skal få ein god start og gode moglegheiter til å klare seg vidare i livet. Difor gjer regjeringa framlegg om 430 millionar kroner for å auke kvaliteten i barnehagane. – Dei tilsette i barnehagen skapar glede, nysgjerrigheit og viser omsorg kvar dag. Vi får stadig meir kunnskap om korleis barnehagen kan bli enda betre tilpassa barna. Difor ønskjer vi at fleire skal få moglegheit til å fylle på kompetansen sin og bidra til at barnehagen dei jobbar i, er med på utviklinga, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).
Om lag 200 millionar av disse pengane vil gå til den regionale ordninga for kompetanseutvikling i barnehagen. Ordninga skal mellom anna gje dei tilsette moglegheit til å utvikle sin pedagogiske praksis, samstundes som universiteta og høgskulane får tilgang til erfaring og kompetanse hjå dei tilsette i barnehagane. Kompetanseutviklinga involverer alle dei tilsette og skjer i kvar enkelt barnehage.
– Ordninga bind barnehagane tettare saman med universiteta og høgskulane, og etablerer eit gjensidig forhold der begge partar har mykje å gje og mykje dei kan lære av kvarandre, seier Melby.
Styrkar kompetanselyftet i spesialpedagogikk
Regjeringas kompetanselyft for spesialpedagogikk skal gje alle barn og unge tilgang til fagleg dyktige lærarar og andre med spesialpedagogisk kompetanse i alle skular og barnehagar i heile landet.
No foreslår regjeringa å doble løyvinga frå 25 til 50 millionar kronar.
– Kompetanseløftet i spesialpedagogikk skal gje barn og unge den hjelpa dei treng, når dei treng den. Målet er at alle skal få hjelp raskt og at dei skal få eit godt pedagogisk tilbod, seier kunnskaps- og integreringsministeren.
Regjeringa foreslår òg å etablere eit eige senter for forsking på spesialpedagogikk og inkludering. Noregs forskingsråd vil lyse ut midlar til senteret med oppstart i 2021.
Framleis minstekrav til foreldrebetaling og gratis kjernetid
Regjeringa foreslår at det framleis skal vere gratis kjernetid for barn mellom 2 og 5 år frå familiar med låg inntekt. Familiar med samla inntekt under 583 650 kronar vil ha rett til gratis kjernetid.
Det nasjonale minstekravet for foreldrebetaling, som inneberer at ingen skal betale meir enn seks prosent av den samla inntekta for ein barnehageplass er også foreslått ført vidare. Maksprisen blir sett til 3 230 kroner i månaden frå 1. januar 2021. Då vil alle familiar med ei samla inntekt under 592 167 kroner ha rett til redusert foreldrebetaling.
Heiltidsplass for barn mellom 1 og 3 år i asylmottak
Regjeringa foreslår 8,3 millionar kroner til å dekke heiltidsplass for eit-, to- og treåringar i asylmottak. Dette gjer at det kan leggjast til rette for heiltidsplass for alle barn i asylmottak frå 1 til 5 år.
– Dette vil gjere at barna i asylmottak kjem tidleg i gang med integreringa og lærer seg norsk. Samstundes er det bra for foreldra som dagleg vil møte andre foreldre og få eit lokalt nettverk, seier Melby.
Styrkar økonomisk tilsyn med barnehagar
Det nye nasjonale tilsynet for private barnehagar er under etablering. Tilsynet skal leggjast til Utdanningsdirektoratet sitt kontor i Molde, og ha ansvar for å føre kontroll med barnehagane.
Regjeringa gjer framlegg om å auke løyvinga til 20 millionar kroner i 2021, slik at arbeidet med etableringa kan trappast opp.