Statsbudsjettet 2021:
Regjeringa vil gjennomgå opptakssystemet til høgskular og universitet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Dato: 07.10.2020
For å kome inn på draumestudiet må mange ta opp fag eller vente i fleire år før dei kan begynne å studere fordi dagens opptakssystem bidreg til eit veldig høgt karaktersnitt på dei mest populære studia. Derfor vil regjeringa sette ned eit utval som skal sjå på heile opptakssystemet og om det kan forbetrast.
– Me vil bevare eit opptakssystem som mange meiner er rettferdig og effektivt. På same tid er det også ganske komplisert og lett å gå seg vill i regelverket. Det er på høg tid at me ser på korleis me gjennomfører opptaket til høgare utdanning, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).
Dagens opptakssystem har mange tilleggspoeng
Opptaket til høgare utdanning er delt i to kvoter. I kvota for førstegongsvitnemål konkurrerer søkarane med karakterar frå vidaregåande, medan i den ordinære kvota konkurrerer søkarane med karakterar, tilleggspoeng, alderspoeng, nye fag eller fag dei har forbetra etter vidaregåande. I tillegg har nokre studiar spesielle opptakskrav.
I dag får du tilleggspoeng for: alder, militærteneste, sivilteneste, folkehøgskule, fagskule, høgare utdanning, kjønn, realfags- og språkpoeng.
– Eg ønsker ein gjennomgang av heile opptakssystemet inkludert korleis tilleggspoenga fungerer. Dagens system ber preg av gode intensjonar som har blitt lagt inn i opptakssystemet utan at det nødvendigvis har vore ein heilskapleg plan bak det. Derfor ønsker regjeringa å setje ned eit utval som skal sjå heilskapleg på dette, seier Asheim.
Startar seinare på studiane
Norske studentar startar seinare på studiar enn i mange andre europeiske land. Ein grunn til det er at ein del bruker fleire år på å ta opp fag eller samle opp alderspoeng.
– Summen av dagens opptakssystem er eg redd fører til at flinke og motiverte ungdommar må bruke alt for mykje tid på å vente på å bli eldre og ta opp fag før dei kjem inn på studiet dei har søkt på, særleg for ein del av prestisjestudiane. Eg er sikker på at eit utval som skal jobbe grundig og systematisk med dette vil gje oss gode vurderingar av kva vi bør gjere, seier Asheim.
Kven som skal sitje i utvalet og kva slags mandat det skal ha blir kjent seinare i haust.