Regjeringa vil samarbeide meir med Sør-Korea om forsking og utdanning
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Dato: 06.10.2020
Sør-Korea blir eitt av dei prioriterte landa for samarbeid når regjeringa held fram arbeidet med Panorama-strategien. Målet er meir heilskapeleg og langsiktig samarbeid om forsking, innovasjon og høgare utdanning.
– Sør-Korea er i ei rivande utvikling og investerer svært mykje i høgare utdanning, forsking og innovasjon. Vi har mange felles problemstillingar og interesser, mellom anna når det gjeld havvind og hydrogen. Auka samarbeid med dei er noko både norske forskarar, studentar og næringsliv vil tene mykje på, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim.
Frå før av har Noreg gjennom Panorama-strategien prioritert samarbeid om høgare utdanning og forsking med seks land utanfor EU/EØS og Nord-Amerika: Brasil, India, Kina, Russland, Japan og Sør-Afrika.
No har regjeringa vedtatt å føre strategien vidare. Samstundes legg dei til Sør-Korea, USA og Canada på lista over prioriterte land for samarbeid.
Sterke på privat investering i forsking og utvikling
Sør-Korea er mellom dei landa i verda som satsar tyngst på forsking og innovasjon. Årleg vekst i FoU-investeringar ligg på 12-15 prosent. Landet er no verdas femte største forskingsnasjon målt i FoU-investeringar.
– Det sørkoreanske næringslivet arbeider intensivt med forsking og utvikling. I Sør-Korea står næringslivet for 75 prosent av innsatsen på forsking og utvikling. Her har vi i Noreg mykje å lære, seier Asheim.
I fjor inngjekk Noreg ein avtale (memorandum of understanding) med Sør-Korea om eit nærare forskingssamarbeid. Også Forskningsrådet har inngått fleire avtaler som vil legge grunnlaget for eit tettare samarbeid. No tar regjeringa dette vidare, ved å inkludere Sør-Korea blant Panorama-landa.
Innlemar USA og Canada
I tillegg blir USA og Canada del av Panoramastrategien frå neste periode. Tidlegare har desse landa vore omfatta av ein eigen strategi. Fordi dei inngår i det same økonomiske verkemiddelapparatet som Panorama-landa, er det føremålstenleg å sjå samarbeidet med alle desse landa i samanheng.
Betre moglegheiter for utveksling for studentane
Eit mål for strategien er å legge til rette for fleire og betre moglegheiter for norske studentar i dei aktuelle landa.
– Norsk næringsliv treng folk med språk- og kulturkompetanse frå strategisk viktige land for å lukkast enda betre enn i dag. Auka samarbeid med Panorama-landa er eit viktig verkemiddel for å følgje opp regjeringa sitt mål om at halvparten av alle norske studentar skal reise ut i løpet av graden sin, seier Asheim.
Fakta om Panorama-strategien
Føremålet med Panoramastrategien er å gjere det lettare å samarbeide og søkje om stønad til samarbeidsprosjekt. Målet er å vidareutvikle kvaliteten i norske fagmiljø gjennom samarbeid med gode miljø ute, og i størst mogleg grad hente ut potensialet for næringslivssamarbeid.
Den gjeldande Panorama-strategien går ut i år. På bakgrunn av positiv evaluering og innspel frå kunnskapssektoren, har regjeringa vedtatt å forlenge satsinga og legge frem ein fornya strategi for perioden 2021-2027. Denne nye strategien skal vidareføre hovudlinjene og prioriteringane frå dagens strategi. Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning, og FNs berekraftmål, vil framleis vere dei viktigaste tematiske prioriteringane.
Prinsipp for internasjonalt kunnskapssamarbeid, nærare bestemt kvalitet, gjensidigheit, langsiktigheit og relevans, ligg til grunn for dagens strategi. Strategien har følgjande fire hovudprioriteringar; godt samspel mellom utdannings- og forskingssamarbeid, god studentmobilitet, gode koplingar til arbeids- og næringsliv, og godt samspel med multilaterale arenaar (primært EU).