Rekordmange lærarar har søkt om vidareutdanning
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Nr: 48 - 20 | Dato: 05.03.2020
11 296 lærarar søkte om vidareutdanning i år. Det er litt fleire søkjarar enn same periode i fjor.
– Det er flott at så mange lærarar ønskjer å ta vidareutdanning. Fleire fagleg sterke lærarar er det viktigaste vi kan gjere for skolen. Med gode lærarar lærer barna meir, seier kunnskaps- og integreringsminister Trine Skei Grande (V).
Fristen for å søke om vidareutdanning gjekk ut 1. mars. Søkartala viser at det er 16 fleire søkjarar enn i fjor, og at regjeringas satsing på vidareutdanning er populær blant lærarar.
I år har regjeringa sett av 1,54 milliardar kroner til vidareutdanning, ei tredobling sidan 2014.
Kommunane må godkjenne
Innan 15. mars må kommunane og andre skoleeigarar godkjenne søknadane for lærarane sine før dei kan gå vidare i opptaket til dei enkelte vidareutdanningstilboda.
– Det er viktig at kommunane godkjenner flest mogleg. Det gjeld særleg dei stadar der mange lærarar framleis manglar tilstrekkeleg fordjuping i faga dei underviser i. Lærarar som treng fagleg påfyll bør få dette, seier Skei Grande.
Krav om fordjuping innan 2025
Frå hausten 2025 må alle lærarar som skal undervise i engelsk, matematikk, norsk, og norsk teiknspråk og samisk på barneskolen ha minimum 30 studiepoeng i desse faga. Ungdomsskolelærarar må ha minst 60 studiepoeng for å undervise i dei same faga.
Lærarar som søker fordjuping i desse faga blir prioriterte når Utdanningsdirektoratet behandlar søknadane som er godkjende av kommunane.
Sidan 2014 har satsinga til regjeringa ført til at rundt 34 000 lærarar har fått tilbod om vidareutdanning i ulike fag.
Fylke |
Talet på søkearar per 1. mars |
Agder |
768 |
Innlandet |
778 |
Møre og Romsdal |
561 |
Nordland |
732 |
Oslo |
717 |
Rogaland |
1200 |
Svalbard |
6 |
Troms og Finnmark |
755 |
Trøndelag |
1114 |
Utlandet |
15 |
Vestfold og Telemark |
932 |
Vestland |
1441 |
Viken |
2277 |
Totalsum |
11 296 |
Talet på søknadar kan framleis endre seg, ettersom skoleeigarar har høve til å legge til fleire søknadar fram til 15. mars.