Presseinvitasjon:
Statsråd Asheim gjestar Andøya og Sortland
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Dato: 18.09.2020
Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim gjestar Andøya Space Centerog Sortland vidaregåande skole fredag 18. september.
Media er velkomne til å delta under gjestinga.
Program for fredag 18. september
Kl. 10 – 12
Statsråden inviterer til innspelsmøte om ei ny stortingsmelding om nordområda frå regjeringa. Tema for møtet er korleis Vesterålen kan sikre seg tilgang til den kompetansen regionen treng.
Stad: Andøya Space Center, Bleiksveien 46, Andenes
Kl. 1330 – 1430
Statsråden besøker Sortland vidaregåande skole for å lære meir om korleis dei arbeider med innføringsklassen for innvandrarar og ungdomsprosjektet i Vesterålen
Stad: Parkveien 7, Sortland
Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Åsmund Eide mobiltlf. 400 36 841.