2 000 studentbustadar frå sør til nord skal oppgraderast
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Nr: 141-20 | Dato: 24.08.2020
Åtte studentsamskipnader har fått til saman 250 millionar kroner til å oppgradera over 2 000 studentbustadar. – Dette er ei kjempenyheit for både studentar og byggebransjen. Bustadane blir meir moderne samstundes som vi held hjula i gong over heile landet, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).
Tilskota til oppgradering skal brukast til å bygga meir tilgjengelege og auke levetida. I tillegg skal oppgraderingstiltaka mellom anna vere ein del av arbeidet med å redusera energibruken.
– Eitt krav for å få pengar er at oppstarten for oppgraderinga skal setjast i gong raskt, i løpet av 2020. Vanlegvis tildeler vi pengar til nye studentbustadar, ikkje til oppgradering. Men no er vi avhengige av å halde hjula i gang i byggebransjen, og kva er vel betre enn at studentane vil då nyte godt av det, seier Asheim.
Her er oversikta over prosjekta som får tilskot:
Samskipnad |
Prosjektnamn |
Det totale talet hybeleiningar |
Totalt tilskot |
Norges arktiske studentsamskipnad |
Åsgård (17 millionar) Nyland (11,9 millionar) |
200 |
28 900 000 |
Studentinord |
Flatvold |
251 |
5 600 000 |
Studentsamskipnaden i Gjøvik, Ålesund og Trondheim |
Moholt allé 1-28 |
468 |
60 000 000 |
Sammen – Studentsamskipnaden på Vestlandet |
Osahaugen 16 – 20 |
60 |
16 000 000 |
Studentsamskipnaden i Innlandet |
Fredrik M gate 21/23 |
235 |
39 000 000 |
Studentsamskipnaden SiO |
Rolf M. Stenersens allé 8 - 14 (26 millionar), Rolf M. Stenersens allé 2-4 (13 millionar) Olav M. Troviksv. 60, (13 millionar) Olav M. Troviksv. 64 (13 millionar), Olav M. Troviksv. 66 (13 millionar)
|
368
|
78 000 000 |
Studentsamskipnaden i Stavanger |
Starev. 1-15 u-hus (750 000) Starev.1-15 (11 millionar) |
318 |
11 750 000 |
Studentsamskipnaden i Agder |
Kaserneveien 12 (3,8 millionar) Jon Lilletunsv. 21,23 (6 millionar) |
194 |
9 800 000 |
Totalt |
|
2 094 |
249 050 000 |