Styrkar norskopplæringa for å betre integreringa
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Dato: 07.10.2020
Regjeringa styrkar norskopplæringa for innvandrarar gjennom ein eigen norskinnsats. – Denne regjeringa gjennomfører den største integreringsreforma på nesten 20 år. Betre kunnskapar i norsk er nøkkelen for å lukkast, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).
Statsråden understrekar at målet med reforma er å byggje kompetente einskildmenneske som kan møte krava i norsk arbeidsliv.
– Å meistre språk bryt ned barrierar, difor skal vi gjere språkopplæringa betre, og vi skal leggje betre til rette for at fleire skal fullføre vidaregåande opplæring eller ta fagbrev, seier Melby.
Regjeringa foreslår 25 millionar kroner til norskinnsats med to tiltak som skal verke som eit supplement til dagens tilbod. Fem millionar går til å styrke tilskotsordninga for integreringsarbeid i regi av frivillige organisasjonar, og vil bli øyremerkte til norsktrening. 20 millionar kroner blir sette av til å prøve ut ei klippekortordning der målgruppa for norskdugnaden får tildelt eit visst tal timar til norskopplæring. Det blir mellom anna lagt opp til at frivillige organisasjonar og arbeidsgjevarar vil rekruttere deltakarar til denne ordninga.
Styrking av Jobbsjansen
Det blir foreslått å styrke Jobbsjansen med 25 millionar kroner, til saman 110,3 millionar kroner for budsjettåret 2021. Målgruppa for ordninga er heimeverande innvandrarkvinner som står langt frå arbeidsmarknaden. Jobbsjansen skal, gjennom individuelt tilpassa program, gje styrka kvalifikasjonar for varig tilknyting til arbeidslivet og økonomisk sjølvstende.
Målet for integreringspolitikkens er auka deltaking i arbeids- og samfunnsliv. Regjeringa arbeider med å følgje opp strategien "Integrering gjennom kunnskap". Regjeringa prioriterer i tråd med dette viktige målretta integreringstiltak i budsjettet for 2021.
– Vi er opptatt av at ressursane på integreringsområdet skal brukast meir effektivt, slik at fleire får moglegheit til å lukkast, seier Melby.