Revidert nasjonalbudsjett
Utdanningsløftet 2020: 5000 nye studieplassar ved fagskular, høgskular og universitet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Nr: 93-20 | Dato: 12.05.2020
I revidert budsjett foreslår regjeringa 4000 nye studieplassar ved universitet og høgskular, og 1000 nye studieplassar ved fagskulane. I sum blir utdanningspakka på ein halv milliard kroner. – Desse tiltaka vil sikre at fleire får utdanning og kompetanseheving i ein periode med høg arbeidsløyse som følge av koronakrisa, sier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim.
Koronakrisa er truleg ei viktig årsak til at søkartala til høgare utdanning er rekordhøge. I år har over 150 000 personar søkt seg til høgskular og universitet via Samordna opptak. Det er om lag 12 000 fleire enn i fjor. Det er også ein auke på over 10 000 søkarar til dei lokale opptaka. I tillegg har over 9 400 søkt seg til fagskulane.
– Frå tidlegare kriser veit vi at fleire søker seg til utdanning når arbeidsmarknaden er dårleg. Koronakrisa er ikkje eit unntak. Difor møter vi behovet med fleire studieplassar. Noreg står i ei langvarig omstilling, og utdanning er nøkkelen til at fleire kan bli inkluderte i arbeidslivet, seier Asheim.
Studieplassane går til fagområde der det er stort behov for kompetanse i åra framover:
- Helse- og sosialfag, mellom anna medisin, sjukepleie og barnevern: om lag 1 100 studieplassar*
- Lærarutdanning, mellom anna mellom anna grunnskulelærar, PPU, barnehagelærar: Om lag 550 studieplassar
- Teknologi, naturvitskap, matematiske fag, inkludert IKT: Om lag 1 500 studieplassar
- Juridisk og økonomisk-administrative fag: Om lag 800 studieplassar
- Animasjon, utøvande musikk, film og kunst: Om lag 20 studieplassar
Fleire desentraliserte studietilbod
I tillegg foreslår regjeringa å bruke 43,9 millionar kroner til drift av fleksible, desentraliserte studietilbod. Beløpet omfattar også utdanningsstønad gjennom Lånekassen. På den måten kan Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) seie ja til fleire søknadar i år frå universitet og høgskular som ønsker å tilby fleksible studietilbod også utanfor campus.
250 nye rekrutteringsstillingar
Den store auken i studieplassar fører også til behov for fleire stipendiatar, og postdoktorstillingar.
– Vi vil sikre at studentveksten ikkje går utover kvaliteten og den langsiktige forskingsaktiviteten. Difor vil vi bruke pengar på 250 nye rekrutteringsstillingar. Det skal bidra til å bygge fagmiljø, og styrke satsinga på forskingsbasert utdanning, seier statsråden.
Meir pengar til helse- og medisinutdanning
Med ein så stor kapasitetsvekst som regjeringa no foreslår, er det viktig at universiteta og høgskulane sikrar høg kvalitet i utdanning og forsking. Difor blei institusjonane bedne om å spele inn behov som gjeld dekning av særskilde utgifter.
– Tilbakemeldingane så langt viser særlege behov innan helse- og medisinutdanningane. Her trengs ei rask oppgradering av undervisingsressursar, areal og utstyr - og klinisk undervising. Derfor foreslår regjeringa å løyve 40 millionar kroner for å møte utfordringane, seier Asheim.
*I ein tidlegare versjon stod det 1500 plassar, medan det rette talet skal vere 1100.