Presseinvitasjon:
Velkommen til spørjetime for foreldre
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Nr: Presseinvitasjon | Dato: 15.09.2020
Onsdag 16. september inviterer regjeringa ved kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby, barne-og familieminister Kjell Ingolf Ropstad og kulturminister Abid.Q.Raja til spørjetime for foreldre. I dag er ikkje informasjonen til foreldre om koronasituasjonen god nok. Difor har vi samla alt foreldre treng å vite på ein stad. Onsdag kveld kjem svara på sentrale spørsmål i "spørjetime for foreldre".
Espen Nakstad frå Helsedirektoratet og Siri Helene Hauge frå Folkehelseinstituttet deltar også.
Tid: Onsdag 16.09.2020 kl. 20.00
Stad: Marmorhallen, Klima- og Miljødepartementet, Kongens gate 20
Foreldre til barn i barnehage og skole kan sende inn spørsmål på førerhand og undervegs til statsrådane, Nakstad og til Hauge.
Journalistar er også velkomne til å delta. Foreldras spørjetime blir sendt direkte på www.regjeringen.no og er tilgjengeleg dersom fleire vil sjå sendinga etterpå. Frå denne adressa kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer som vanleg publiseringspunkt til redaksjonar som vil sende direkte.
Kontaktperson for dette kan ein nå på telefon 22 24 88 45 eller dss-videoproduksjon@dss.dep.no.
Presse som ønsker å legge ut nett-tv-sendinga på eigne nettsider kan bruke følgjande embed-kode:
<div id='wowza_player'></div><script id='player_embed' src='//player.cloud.wowza.com/hosted/sfyx3h4b/wowza.js' type='text/javascript'></script
Kontakt: Journalistar som ønskjer å delta kan kontakte kommunikasjonsrådgjevar i Kunnskapsdepartementet Ragnhild Irene Skaara Imset på mail rask@kd.dep.no eller mobil 934 35 930, eller Cathrine Slaaen på mail casl@kd.dep.no og mobil 976 77 247