Statsbudsjettet 2022:
2,5 milliardar kroner til fleire store byggeprosjekt ved universiteta
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Dato: 12.10.2021
Regjeringa gir klarsignal for å starte bygginga av Blått bygg i Bodø og Ocean Space Centre i Trondheim. Dei vil også gi vikingtidsmuseet og campussamlinga ved NTNU meir pengar for å sikre framdrifta og foreslår å auke kostnadsramma til Livsvitskapsbygget for å gi plass til Oslo Universitetssjukehus.
– Vi treng meir forsking, utdanning og innovasjon knytt til dei store spørsmåla om helse, klima og kva vi skal leve av i åra framover. Samstundes skal vi ta vare på uerstattelege kulturminne. Dette krev moderne bygg og utstyr tilpassa nye måtar å samarbeide på. Derfor held vi trykket oppe i store og viktige byggeprosjekt ved universiteta og foreslår å bruke nærare 2,5 milliardar kroner på dette neste år, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).
Gir klarsignal til Blått bygg
Nord Universitet vil få nybygg for Fakultet for biovitskap og akvakultur, og dei eksisterande lokala for Fakultet for sjukepleie- og helsevitskap blir bygde om. I statsbudsjettet for 2022 foreslår regjeringa ei startløyving på 110 millionar kroner til Blått bygg, samt 10 millionar kroner til utstyr.
– Aldri før har fleire studentar hatt Nord universitet som sitt førsteval. I åra som kjem er det rett og slett ikkje plass til alle. Med desse pengane kan Blått bygg stå klart i 2025. Det er viktig for universitetet og for studentane, men også for heile regionen. No set vi Nord universitet i enda betre stand til å ivareta samfunnsmandatet sitt innan fagområda hav og helse, seier Asheim.
Prosjektet har ei total kostnadsramme på om lag 695 millionar kroner.
Utvidar Livsvitskapsbygget
Arbeidet med det nye livsvitskapsbygget på Gaustad held fram. No er det klart at bygget blir utvida for å gi plass til delar av Oslo universitetssjukehus.
– Livsvitskapsbygget skal vere eit felles anlegg for leiande universitets- og sjukehusmiljø innan livsvitskap, og skal sikre Noreg internasjonal konkurransekraft på området, seier Asheim.
I 2022-budsjettet foreslår regjeringa å bruke 948 millionar kroner (inkludert utstyr) til vidare arbeid med prosjektet.
Regjeringa foreslår ei kostnadsramme for byggeprosjektet på 11 974 millionar kroner. Dette samsvarer med anbefalinga frå Dovre Group, som har kvalitetssikra prosjektet. I tillegg blir kostnadsramma for UiO sitt utstyr auka til 1 198 millionar kroner.
– Hovudårsaka til at vi har utvida kostnadsramma, er at det er bestemt at Oslo universitetssjukehus også skal inn i Livsvitskapsbygget, og da må vi utvide for å få plass til dei og. Det er også utarbeidd nye utrekningar som tar høgde for auka kostnader på grunn av mellom anna krevjande grunnforhold, seier Asheim.
Det nye livsvitskapsbygget vil no bli på totalt 97.000 kvadratmeter. Det er rundt 12.000 kvadratmeter meir enn det var lagt opp til da det kun var UiO som skulle halde hus i bygget.
378 millionar kroner til Vikingtidsmuseet
Det nye vikingtidsmuseet på Bygdøy blir tre gonger større enn bygget som står i dag og skal etter planen stå ferdig i 2025.
– Vi må sikre at skattane frå vikingtida blir tilgjengelege for generasjonane som kjem. Derfor må vi rehabilitere og byggje nytt på Bygdøy. Arbeidet med det mye vikingtidsmuseet er allereie godt i gang og vi foreslår å bruke 378 millionar på dette prosjektet neste år, seier Asheim.
Prosjektet har ei total kostnadsramme på cirka 2,5 milliardar kroner, inkludert utstyr.
Byggestart for Ocean Space Centre
Regjeringa foreslår oppstart for byggeprosjekt og utstyr for Ocean Space Centre, med kostnadsramme på 4 302 og 4 312 millionar kroner. Samstundes held arbeidet fram med å redusere areal og utstyr for nokre laboratoriefunksjonar. NTNU vil bli den største brukaren av anlegget.
Meir pengar til NTNU Campussamling
Regjeringa vidarefører forprosjektet med å samle campus på NTNU, og foreslår å bruke 365 millionar kroner til dette prosjektet i 2022. Dette er ein vesentleg auke frå 2021. Forprosjektet skal etter planen avsluttast i 2023.