Revidert nasjonalbudsjett
Millionar til fleksible utdanningar og kompetanseløft for luftfarten
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Dato: 11.05.2021
Regjeringa foreslår å auke støtta til fleksible og desentraliserte utdanningar med dryge 45 millionar kroner. I tillegg vil regjeringa bruke 10 millionar kroner på eit kompetanseløft for luftfarten.
Dei 45,7 millionar kronene til å fleksible og desentraliserte studietilbod kjem på toppen av 97,2 millionar kroner i statsbudsjettet for 2021.
– Eit av dei største prosjekta til regjeringa er å gjere utdanning og kompetanse meir tilgjengeleg for folk. Det er ei viktig investering i mennesket, men også for næringslivet som får tilgang på den kompetansen det treng. Meir pengar til fleksible utdanningar betyr at endå fleire vaksne med forpliktingar som familie, jobb og bustadlån kan ta utdanning der dei bur, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).
Fleksible utdanningstilbod kan vere desentraliserte, nettbaserte, deltidsorganiserte eller samlingsbaserte. Det betyr at du ikkje treng å studere på fulltid eller vere på campus for å få tilgang til utdanninga.
10 millionar kroner til kompetanseløft for luftfarten
Regjeringa foreslår òg 10 millionar kroner til eit kompetanseløft for luftfarten.
– Dei tilsette i luftfarten har vorte hardt ramma av pandemien og mange er framleis permitterte eller har vorte arbeidsledige. Vi foreslår derfor eit kompetanseløft der representantar frå luftfarten skal definere kva opplæringsbehov luftfarten har og velje kva utdanning og opplæring som skal inngå. Dette er noko bransjen har etterspurt, seier Asheim.
50 millionar kroner til fagskular og private høgskular
I tillegg foreslår regjeringa å løyve 50 millionar kroner til fagskular og private høgskular for å bidra til at studentane ikkje blir forseinka og fullfører som planlagt.
– Eg har stor forståing for at eit år prega av avstand, lite sosial kontakt og mykje digital undervisning kan gå utover både motivasjon og trivsel. Fleire private høgskular og fagskular har eit anna økonomisk handlingsrom enn statlege høgskular og universitet og desse ekstra 50 millionane i revidert budsjett betyr at studentane kan få endå betre oppfølging gjennom hausten, seier Asheim.
Dette er pengar som kjem på toppen av tiltakspakken på ein milliard kroner som kom for tre månader sidan, der 10 millionar kroner gjekk til fagskulane og 16 millionar til private høgskular.
Andre forslag i samband med revidert nasjonalbudsjett
- Regjeringa foreslår 10 millionar kroner til modernisering av Samordna opptak. Like før årets søknadsfrist gjekk ut 15. april, knelte systemet til Samordna opptak. Det er behov for eit nytt og betre datasystem. Desse pengane skal dekke både utvikling av ein regelverksmodul, og planlegging av ei utgreiing i år for å få oversyn over kva ei full modernisering vil koste.
- Regjeringa foreslår å gi eit tilskot til Studentersamfundet i Trondhjem på 10 millionar kroner. Dette er eit bidrag til å finansiera eit nybygg med nye arbeidslokale til frivillige og tilsette, nye scener og serveringslokale.
- Regjeringa foreslår 5 millionar kroner til Høgskulen på Vestlandet for å vidareføre den såkalla Stord-modellen. Høgskulen skal gjennom denne modellen tilby ei ingeniørutdanning over to år for tilsette med fagskuleutdanning ved bedriftene på Stord.
- Regjeringa foreslår å auke tilskotet til UNIS med 3,7 millionar kroner. Pengane går til husleigekompensasjon i samband med forvaltningsoverføring av UNIS-bustadene og leige av læringsareal i bygget til studentsamskipnaden.
- Regjeringa foreslår å endre reglane slik at deltakarar i prosjektet Menn i helse kan få tilgang på lån og stipend frå Lånekassen i perioden dei ikkje mottek ytingar frå NAV. Deltakarane er menn i alderen 25-55 år som står utanfor arbeidslivet. Dei tek eit tilrettelagt utdanningsløp som helsefagarbeidar. Regjeringa foreslår derfor å bruke 5,3 millionar kroner på dette slik at dei kan få lån og stipend allereie frå hausten av.