Statsbudsjettet 2022:
Regjeringa vil gjere det enklare for folk å ta utdanning
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Dato: 12.10.2021
Den neste store utdanningsreforma handlar om å gjere utdanning tilgjengeleg for fleire menneske i ulike fasar av livet. I statsbudsjettet for neste år er det foreslått å opprette eit nytt distriktsprogram for kompetanseutvikling og ei ny ordning for studiesenter som skal bidra at fleire får tilgang til utdanning og kompetansepåfyll i heile landet.
– Utdanning og kompetanse har vore ein viktig del av vegen ut av pandemien, men det er òg ein stor del av løysinga for å handtere dei langsiktige nasjonale og globale utfordringane. Derfor held vi fram arbeidet med å gjere utdanning tilgjengeleg for fleire og meir skreddarsydd til behova og livssituasjonen til den einskilde, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).
I distriktsprogrammet vil regionale aktørar, i samarbeid med ein utdanningsinstitusjon kunne søke om støtte til å få dei utdanningstilboda dei har behov for. Ordninga kan bidra til realisering av kompetanseplanar utvikla av mellom anna fylkeskommunen, regionale kompetansekontor eller av arbeidslivet sjølv.
Gjennom den nye søknadsbaserte finansieringsordninga kan studiesenter og liknande aktørar søke om støtte til prosjekt og aktivitetar som dei utviklar saman med ein fagskule, høgskule eller eit universitet. Studiesentera kan mellom anna bidra til å kople saman dei som etterspør og dei som tilbyr utdanning, informere om tilbod og mobilisere enkeltpersonar og verksemder til kompetanseutvikling.
Minst 40 millionar kroner skal gå til desse to ordningane.
Meir fleksibel utdanning
Regjeringa foreslår å bruke 149,5 millionar kroner på fleksibel utdanning. Det er nesten 50 millionar kroner meir enn i 2021. Beløpet inkluderer pengane til distriktsprogrammet og ordninga for studiesenter. Totalt har regjeringa brukt rundt 1 milliard kroner på fleksibel både opplæring og utdanning sidan 2018.
I tillegg foreslår regjeringa å:
- Vidareføre tilskotet på 46 millionar kroner for å stimulere til auka bruk av ordninga Fagbrev på jobb. Det er ei ordning for personar som er i lønt arbeid slik at dei kan få ei vurdering av realkompetansen dei har, få opplæring på arbeidsplassen og ta fagbrev på grunnlag av dette.
- Å gjere det enklare å få lån for å ta kortare utdanningar. Når utdanningstilboda blir meir fleksible, må òg Lånekassens ordningar bli meir fleksible. Regjeringa foreslår 20 millionar kroner for å gi folk som tek kortare utdanningsløp rett til lån frå studieåret 2023–24.
- Vidareføre dei åtte bransjeprogramma som vart oppretta i 2020 og starte eit nytt. Bransjeprogram er skreddarsydde utdanningstilbod som blir utvikla i eit samarbeid mellom partane i arbeidslivet. Det betyr at det er rom for ni bransjeprogram neste år.
Regjeringa foreslår å vidareføre 6 100 studieplassar ved fagskular, universitet og høgskular frå Utdanningsløftet
Som ein del av Utdanningsløftet 2020 vart det oppretta 4 000 nye studieplassar ved universiteta og høgskulane i landet. Med forslag til statsbudsjettet for neste år vil universiteta og høgskulane kunne ta opp eit tredje kull med studentar. Sidan 2014 har det vorte løyvd pengar til rundt 8 800 nye studieplassar ved høgskular og universitet. I 2020 var det 40 482 fleire registrerte studentar ved universiteta og høgskulane enn i 2013.
– Dei siste åra har det vore fleire som søker seg til høgare utdanning. Når vi har brukt pengar på nye studieplassar har det vore viktig for oss at plassane går til fagområde der vi veit at det er stort behov for kompetanse i åra framover. Derfor har vi prioritert å utdanne fleire lærarar, helsearbeidarar og menneske med IKT-kompetanse, seier Asheim.
Regjeringa foreslår òg å vidareføre 2 100 studieplassar ved fagskulane som kom som ein del av Utdanningsløftet 2020. Sidan 2013 har det vorte 7 000 fleire studentar ved fagskulane, som er ein vekst på imponerande 43 prosent.
Endå meir pengar til forsking og utvikling (FoU)
Regjeringa forslår å bruke 42,7 milliardar kroner på forsking og utvikling over statsbudsjettet neste år. For sjuande året på rad utgjer FoU i statsbudsjettet over 1 prosent av BNP, og blir anslått å utgjere 1,07 prosent neste år.
– Vi prioriterer forsking fordi det er heilt avgjerande for å finne svaret på både små og store utfordringar, for å omstille Noreg til eit grønare samfunn og for å skape nye arbeidsplassar til folk. I løpet av desse åtte åra har vi auka pengebruken med 16,3 milliardar kroner som gir ein vekst på 28 prosent, seier Asheim.
Regjeringa foreslår å følge opp langtidsplanen for forsking og høgare utdanning med til saman 1 milliard kroner. Av dette går 516 millionar kroner til dei tre opptrappings-planane Teknologiløft, Forsking og utvikling for fornying og omstilling i næringslivet og Kvalitet i høgare utdanning.
Studentbustader og prisvekstjustert studielån
Regjeringa foreslår å gi tilskot til 1 650 nye studentbustader neste år. Med det vil regjeringa totalt ha gitt pengar til 19 250 studentbustader. Det er eit historisk høgt nivå med tilsegn til over 2 000 nye hyblar årleg i snitt, meir enn ei dobling samanlikna med den raudgrøne regjeringa.
– Eg skulle helst sett at vi kunne brukt endå meir pengar på fleire studentbustader neste år, men studentsamskipnadene har dei siste tre åra søkt om færre tilsegn til nye bustader. Dei slit med å få nye prosjekt klare mellom anna på grunn av den lange behandlingstida i kommunane av byggesøknader, tomteregulering og fordyrande krav som ikkje er direkte tilknytt prosjekta, seier Asheim.
I tillegg foreslår regjeringa:
- Å prisjustere studiestøtta. Regjeringa har i denne perioden fullført opptrappinga til 11 månaders studiestøtte. Regjeringas prioritering av økonomien i studentane har gitt dei auka kjøpekraft på 15 200 kroner i året. For studieåret 2021–22 er basislånet 126 357 kroner, og er prisjustert med 2,3 prosent.
- Å gi ekstra stipend til studentar som tek utveksling i Brasil, India, Kina, Russland, Sør-Afrika, Japan og Sør-Korea. Regjeringa ønsker at fleire norske studentar skal reise til prioriterte samarbeidsland og foreslår derfor å innføre eit stipend på 2 500 kroner i månaden for utveksling til desse landa.