Historisk arkiv

Offentleg utval skal vurdere framtidas etter- og vidareutdanning

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Sølvi Mausethagen skal leie eit offentleg utval som skal foreslå ulike modellar for etter- og vidareutdanningstilbod for lærarar og andre tilsette i barnehagar og skolar. Målet er best mogeleg kompetanse for å fremje utvikling, læring og danning hos barn og elevar.

Utvalet blei oppnemnt i statsråd i dag. Det består av fagekspertar og representantar frå sentrale partar i barnehage- og skolesektoren.

– Dyktige lærarar og kompetente tilsette i barnehagar og skolar er avgjerande for å gi dei unge gode kvardagar. Sidan 2013 har det gått føre seg eit historisk kompetanseløft for kvalitet. Om lag 50 000 lærarar og om lag 6 000 barnehagelærarar har fått vidareutdanningstilbod. Vi vil sjølvsagt halde fram satsinga på etter- og vidareutdanning. Ho er eit gode for barna og elevane, for profesjonsfellesskapet og for den enkelte tilsette. Lærarar som har gjennomført vidareutdanning, seier at det faglege påfyllet har gjort dei tryggare i jobben, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).

Meir kompetanse for ressursane

Regjeringa har sidan 2013 hatt fleire satsingar på etter- og vidareutdanning for tilsette i barnehage og skolar, og kvart år bruker ho over 2 milliardar kroner på området (faktaboks).

Ein god oppvekst varer heile livet, og barnehagane og skolane våre er heilt avgjerande for at alle barn og unge, same kven dei er og kvar dei bur, skal få like gode moglegheiter. Grunngjevinga for satsinga på etter- og vidareutdanning er at god kompetanse hos dei tilsette i barnehage er viktig for å bidra til barna sine behov for omsorg og leik, og for å fremje læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. På same viset er god kompetanse viktig for at elevar i skolen og lærlingar i bedrift skal utvikle kunnskap, ferdigheiter og haldningar for å kunne meistre liva sine, og kunne delta i arbeid og fellesskap i samfunnet .

Utvalet får som hovudoppgåve å vurdere korleis ein kan bruke ressursane på ein mest mogleg effektiv måte. Utvalet skal hente kunnskap og erfaringar frå tidlegare satsingar, og bruke dette når dei foreslår ulike modellar for etter- og vidareutdanningstilbod.

Tilbodet skal gjelde alle tilsette i barnehage, grunnskole, vidaregåande opplæring, kulturskole, vaksenopplæring og fag- og yrkesopplæring i både skole og bedrift.

– Utvalet har fått eit mandat der vi skal bidra til eit grunnlag for god etter- og vidareutdanning for lærarar og andre tilsette i barnehagar og skoler framover. Dette er ei viktig og meiningsfull oppgåve, og eg ser fram til å jobbe saman med eit utval med mykje kompetanse og erfaring på området, seier utvalsleiar Sølvi Mausethagen.

Utvalet skal levere utgreiinga si innan 1.oktober 2022.

Medlemar av utvalet:

Leiar:

Sølvi Mausethagen, Oslo (44 år) er professor på Senter for profesjonsstudiar, OsloMet, og ved HINN.

Medlemar:

  • Astrid Søgnen, Oslo (69 år) er tidlegare skulesjef i Oslo kommune.
  • Lasse Arntsen, Stjørdal (51 år) er direktør for oppvekst og utdanning Trondheim kommune.
  • Ratib Lekhal, Oslo (43 år) er førsteamanuensis ved Institutt for pedagogikk ved Universitetet i Oslo, og førsteamanuensis II ved Institutt for kommunikasjon og kultur ved Handelshøyskolen BI.
  • Elin Bø Morud, Trondheim (49 år) er leiar av NTNU KOMPIS (Kompetanse i skulen), og førstelektor ved Institutt for lærarutdanning, NTNU.
  • Roar Sollied, Målselv (68 år) er tidlegare fylkesråd for utdanning i Troms Fylkeskommune.
  • Nina Nordvik, Oslo (57 år), representerer Utdanningsforbundet, koordinerer arbeidet til organisasjonen med etter- og vidareutdanningsfeltet.
  • Karen Marie Furuseth, Sørumsand (58 år) representerer Skolelederforbundet, er etatsleiar for Oppvekst og Kultur i Nord-Odal kommune.
  • Erik Bråthen, Askim (50 år) representerer KS, er direktør oppvekst, Sarpsborg kommune.
  • Torstein Johannessen, Trondheim (46 år) representerer medlemsbarnehagane i PBL, er dagleg leiar i Bergheim barnehage i Trondheim.
  • Sigurd Sandvold, Stord (48) representerer Universitets- og høgskulerådet, lærarutdanningane, er prodekan Høgskulen på Vestlandet.
  • Inga-Lill Sundset, Bodø (47 år) representerer Sametinget, er kommunalsjef oppvekst og kultur Hattfjelldal kommune.

Mandat for utvalet:Mandat for offentlig utvalg om etter- og videreutdanning KGL RES.pdf