Historisk arkiv

Over 11 000 lærarar har søkt vidareutdanning

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Trass den vanskelege koronatida: Over 11 000 lærarar har søkt om å ta vidareutdanning neste skoleår. Det er like mange som i fjor.

Det viser nye tal frå Utdanningsdirektoratet.

– Mange lærarar har stått på for elevane, og gjort ein formidabel jobb under koronakrisa. Difor gler det meg ekstra mykje at mange også ser framover og søkjer om vidareutdanning. Det vil gje oss enda fleire lærarar med solid kompetanse i faga dei underviser i. Det er viktig for å få elevane til å lære og meistre meir, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).

Mange lærarar treng fordjupning

Innan 2025 må alle lærarar som undervisar i matematikk, engelsk og norsk i barne- og ungdomsskolen ha nok fordjupning i faga dei underviser i (sjå faktaboks).

Sidan 2014 har regjeringa gjeve om lag 40 000 lærarar tilbod om vidareutdanning i ulike fag. Framleis er det 21 000 lærarar som ikkje har tilstrekkeleg kompetanse i norsk, matematikk og engelsk i grunnskolen.

– No er det viktig at skoleeigarane godkjenner søknadene, slik at lærarane kan gå vidare i opptaket til dei enkelte vidarautdanningstilboda. Kommunane bør særleg prioritere lærarane som ennå ikkje oppfyller krava til å undervise i faga  matematikk, norsk og engelsk, seier Melby.

Ho legg til at det og er viktig å gi lærarar moglegheit til å fordjupe seg i andre fag, som til dømes dei praktiske og estetiske faga. Mangelen på lærarar med fordjuping er særleg stor i fag som mat og helse og kroppsøving.

Flest søkte matematikk

Da søknadsfristen gjekk ut 1. mars hadde 1877 lærarar søkt om vidareutdanning i matematikk, 1656 i engelsk og 1509 i norsk.

Blant dei andre fagområda er det tre som peikar seg ut:

  • Profesjonsfagleg digital kompetanse og programmering har fått inn 1370 søknadar.
  • Spesialpedagogikk har fått over 1000 søkarar. Fordjuping i faget vil styrke arbeidet med tidleg innsats og inkluderande opplæringsmiljø i skolen.
  • Andrespråkspedagogikk har fått 520 søknadar.

Vil ha fleire lærarspesialistar

Regjeringa satsar også på å auke andelen lærarspesialistar i skolane. Fristen for å søke funksjon som lærarspesialist går ut 15. mars. Lærarspesialistane skal bidra til å utvikle kvaliteten på undervisninga på dei skolane der dei arbeider. Målgruppa er lærarar med minst 60 studiepoeng og minst fem års undervisningspraksis i faget.

– Å bli lærarspesialist er ein alternativ karriereveg for lærarar som ønsker å utvikle seg enda meir fagleg, og som ønsker å fordjupe seg meir i faga dei underviser i. Lærarspesialistane er og viktige for den profesjonsfaglege utviklinga på kvar einskild skole, understrekar kunnskapsministeren.

Mange lærarspesialistar tek spesialistutdanninga medan dei fungerer som lærarspesialist. Det legg til rette for å integrere teori og praksis på ein god måte. Så langt i år har 680 lærarar søkt om lærerspesialistutdanning. Det er over 100 fleire søknader enn på same tid i fjor (570). Les meir om satsinga.

Fakta om vidareutdanning for lærarar

  • Lærarar kan ta vidareutdanning i alle fag.
  • Sidan 2014 har rundt 40 000 lærarar over heile landet fått tilbod om vidareutdanning i ulike fag.
  • Innan 2025 må alle skoleeigarar i grunnskolen sørge for at lærarar som skal undervise i matematikk, norsk, engelsk, samisk og norsk tegnspråk på barneskolen har minimum 30 studiepoeng i desse faga, noko som tilsvarar eit halvt års utdanning. Lærarar på ungdomsskolen må ha minst 60 studiepoeng i dei same faga. Sidan 2015 har over 20 000 lærarar fått vidareutdanning i faga norsk, matematikk og engelsk.
  • I grunnskolen manglar 34 prosent av lærarane som underviser i engelsk fordjupning. Det gjelder 22 prosent av matematikklærarane, og 16 prosent av norsklærarane.
  • Fylkeskommunar, kommunar og private skoleeigare må godkjenne årets søknader innan 15. mars. Dei kan også leggje til søknader fram til 15. mars.
  • «Kompetanse for kvalitet» er ein strategi for vidareutdanning for lærarar og blei videreførd i 2015. Kunnskapsdepartementet, Utdanningsforbundet, KS, Skolenes Landsforbund, Lektorlaget og Skolelederforbundet står saman om strategien Kompetanse for kvalitet.