Regjeringa deler ut 34,5 millionar kroner til vidareutdanning i digital kompetanse
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Dato: 18.05.2021
17 utdanningsinstitusjonar frå Fagskolen i Troms i nord til Universitetet i Agder i sør får pengar til å lage vidareutdanningstilbod i digital kompetanse i samarbeid med lokale verksemder. Universitetet i Bergen får mest.
– Den digitale utviklinga gjer at vi alle saman har behov for å oppdatere kunnskapen vår for å kunne henge med. Derfor bruker vi pengar på at fagskular, høgskular og universitet kan utvikle vidareutdanningstilbod saman med næringslivet, kommunar og andre verksemder. Tilboda skal vere tilpassa behovet i arbeidslivet og fleksible slik at tilsette kan kombinere tilbodet med jobb, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).
Dette er ein del av kompetansereforma til regjeringa
Med desse pengane blir det etablert tre utdanningstilbod på fagskular og 14 utdanningstilbod på universitet og høgskular. Dette er eitt av fleire tiltak under kompetansereforma Lære heile livet.
– Eit av dei viktigaste prosjekta til regjeringa er å gjere utdanning meir tilgjengeleg for folk. Då må vi utvikle fleire tilbod som lèt seg kombinere med jobb, bustadlån og familie. Derfor held vi no fram arbeidet med fleire skreddarsydde utdanningstilbod, ein Lånekasse som er tilpassa fleire enn førstegangsstudentar og fleire fleksible og desentraliserte tilbod, seier Asheim.
Før sommaren vil regjeringa òg legge fram ein strategi for desentralisert og fleksibel utdanning ved fagskular og universitet og høgskular.
Blant dei som får støtte er Fagskolen Innlandet. Dei får nesten to millionar kroner til utvikling av vidareutdanning om digitalisering og berekraft i samarbeid med Mapei AS, Blowtech AS, Lilleseth Kjetting AS og Høyskolesenteret i Kongsvinger.
Høgskulen på Vestlandet får nesten tre millionar kroner for å utvikle eit kurs saman med Ryfylke Interkommunale Selskap, Grieg Seafood Rogaland AS, Bremnes Seashore AS og Sterling White Halibut AS for tilsette i havbruksnæringa.
Sjå komplett liste over tilboda og kva private og offentlege verksemder som er med som partnarar nedst i saka.
Fakta om tildelinga
- Det er Kompetanse Noreg som har fordelt pengane på oppdrag frå regjeringa.
- Tilbod som styrkar digital kompetanse, IKT-trygging og kompetanse for det grøne skiftet er prioritert.
- Det er universitet, statlege og private høgskular med offentleg støtte og offentlege og private fagskular med offentleg støtte som kan søke.Tilskotsordninga skal bidra til at det blir laga fleksible vidareutdanningstilbod for verksemder med behov for å utvikle kompetansen sin, betre tilgang til fleksible og arbeidsrelevante vidareutdanningstilbod for enkeltpersonar og auka samarbeid mellom utdanningsinstitusjonar og arbeidsliv om å utvikle vidareutdanningstilbod.
- Les meir om ordninga
Desse får støtte:
Utdanningsinstitusjon
Samarbeidspartnarar
Navn på tilbod
Tildelt sum
BI Norwegian Business School
Abelia, Orkla, Digitaliseringsdirektoratet (Nasjonalt ressurssenter for deling av data), Nasjonal sikkerhetsmyndighet, Telenor, Foreningen personvernombudene, Næringslivets sikkerhetsråd
Digital Compliance - Personvern, IKT-sikkerhet og IKT-kontrakter
1 957 787
BI Norwegian Business School
Abelia, Kongsberg Innovation,
IKT Norge, DigitalNorwayAI and Data Accountability Management - Rettferdighet, ansvarlighet og gjennomsiktighet
1 894 557
BI Norwegian Business School
SMB Norge, Næringskraft i Norge, Bergen næringsråd, Cemasys.com AS
Bærekraft i praksis
1 578 025
Fagskolen i Hordaland
Høgskulen på Vestlandet, CMR Prototech og Additech AS
Industriell 3D produksjon
2 118 583
Fagskolen i Troms
Fagskolen i Hordaland, Midt-Troms museum, Målselv Tradisjonshåndverk AS
Bygningsvern i Arktis
1 127 201
Fagskolen Innlandet
Mapei AS, Blowtech AS, Lilleseth Kjetting AS, Høyskolesenteret i Kongsvinger
Utvikling av optimale verdikjeder gjennom digitalisering og bærekraft
1 980 000
Høgskulen på Vestlandet
Ryfylke Interkommunale Selskap, Grieg Seafood Rogaland AS, Bremnes Seashore AS, Sterling White Halibut AS
Ryfylke - Den blå åker (BLÅ ÅKER)
2 900 000
Høyskolen i Kristiania
Hansa Borg Brewery, Nortura, Connect Vest
Videreutdanning i HR Tech, digitalisering- og kommunikasjons-ledelse
2 049 484
Høyskolen i Kristiania
Digital Norway, Natural State AS, Connect Vest, Elkjøp Nordic AS, Kunnskapsbyen Lillestrøm
Bærekraftig markedsføring
1 445 200
NMBU
Viken (avdeling for plan, arkitektur og landskap), Norconsult, Statens vegvesen v/Konnekt
Digital planlegging for bærekraft (DigPlan)
2 219 000
NTNU Institutt for Design (Gløshaugen)
DigitalNorway, International Peace Research Institute, Uninett, Trønder Energi, Statens vegvesen, Trøndelag fylkeskommune,
Strategisk design og scenariebygging
1 916 800
OsloMet
DigitalNorway, Kunnskapsbyen Lillestrøm, Norges Handelshøyskole
Smidig prosjektledelse for digital og grønn omstilling
1 549 600
Universitetet i Agder
IKT Norge, IKT AGDER IKS, GCE Node AS, KNOWIT, Digin
Modulbasert lederutdanning i digital transformasjon
1 959 475
Universitetet i Agder
Næringsforeningen i Kristiansand-regionen
ESG-rapportering og ansvarlig eierskap
1 600 000
Universitetet i Bergen
Bergen kommune, Alver kommune, Voss herad, Bergen næringsråd, Alrek helseklynge, Norwegian Smart Care Cluster, Helse Vest Ikt AS, Helse Bergen HF, Vaksdal kommune
Fleksibel videreutdanning i digitalisering for helsesektoren (DigiFleksHelse)
4 094 400
Universitetet i Bergen
DigitalNorway, Smart Innovation Runway, DNB, Norske havner, Samfunnsbedriftene, FN-sambandet i Norge, Oslo kommune
Datareisen
2 850 400
Universitetet i Bergen
Insitute of Transport of Economics, Bergen næringsråd, Bouvet Norge AS, Capgemini Norge AS
Fleksibel videreutdanning i kunstig intelligens
1 187 434
SUM
34 427 946