Slik vil regjeringa gje forskartalenta fleire moglegheiter
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Dato: 23.09.2021
Meir enn dobbelt så mange tek doktorgraden no enn for 20 år sidan, men framleis blir for mange gåande for lenge i mellombelse stillingar. No legg regjeringa fram ein ny strategi der målet er å sørgje for at forskartalenta får fleire og betre moglegheiter til å dra nytte av ei doktorgradsutdanning.
– Vi er heilt avhengige av kloke hovud som kan utvikle nye løysingar på dei store utfordringane framover. Regjeringa har satsa på å få fleire til å ta ein doktorgrad, og det har vi lukkast med. Sjølv om bruken av mellombelse stillingar ved universitet og høgskular har gått ned, er det framleis ei utfordring at for mange slit med å få seg ein fast jobb. Fleire må bli klar over moglegheitene for ei karriere i næringslivet, og utdanningane må speile behova også utanfor akademia, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim
Behov for forskarkompetanse i heile arbeidslivet
Rekruttering av forskarar skjer i eit internasjonalt landskap. Veksten i talet på doktorkandidatar, både i Noreg og internasjonalt, gjer at konkurransen om stillingar ved universiteta og høgskulane er blitt sterkare.
NHO sitt kompetansebarometer viser at 1 av 5 av dei største medlemsbedriftene treng fleire med doktorgrad. Ein viktig bodskap i den nye strategien er derfor at doktorgradsutdanninga skal vere relevant for ein karriere både i forsking og arbeidslivet generelt. På same tid må dei som satsar på ein forskarkarriere på eit universitet eller høgskule få betre og meir føreseielege karriereløp.
– Ikkje alle med doktorgrad skal bli professor. Dei fleste med doktorgrad skal jobbe andre stader enn ved eit universitet eller høgskule. Med denne strategien vil regjeringa bidra til at fleire norske studentar vil ta doktorgrad og ta med seg kompetansen sin ut i breidda av norsk arbeidsliv, seier Asheim.
Pliktarbeid i bedrift?
I strategien peikar regjeringa på moglegheitene for meir samarbeid på tvers av sektorar.
– Vi foreslår å opne for at det såkalla pliktarbeidet i stipendiatstillinga kan gje erfaring i relevant prosjektarbeid eller praksis, ikkje berre bli brukt til undervisning. Slik kan stipendiatane få relevant erfaring for ein jobb utanfor universiteta og høgskulane og utanlandske kandidatar kan få betre kjennskap til norsk forvaltning og næringsliv, seier Asheim.
Dette er nokre av dei viktigaste tiltaka i strategien:
- Gjere det tydeleg at ein postdoktorstilling skal gje eit reelt høve til å kvalifisere seg til ein vitskapeleg stilling. Han skal gi rom for å utvikle ein sjølvstendig forskarprofil og relevant kompetanse for ein vitskapeleg karriere, og bidra til å redusere bruken av mellombelse tilsettingar. For å få til det, ønsker regjeringa å auke minimumsperioden frå to til tre år.
- Revidere forskriftene for vitskapeleg tilsetting under universitets- og høgskuleloven. Dei må bli oppdaterte slik at kompetansekrava heng logisk saman.
- Styrke arbeidet med profesjonalisert karriererettleiing for unge forskarar.
I høyringsrunden kom det fram at bruken av forskarstillingar i universitets- og høgskulesektoren er uoversiktleg. Strategien legg derfor opp til å ytterlegare greie ut bruken av forskarstillingane.