Historisk arkiv

Styrkar integreringa med over 100 millionar kroner

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Regjeringa foreslår å løyve nesten 61 millionar kroner til utvida introduksjonsprogram og 32 millionar til utvida norskopplæring. Regjeringa foreslår òg 10 ferske millionar til arbeidet med å styrke norskopplæring for innvandrarar. Dei nye millionane kjem på toppen av løyvingar i statsbudsjettet for inneverande år, samt ekstraløyvinga frå januar.

– Koronapandemien har gjort det vanskeleg å følge introduksjonsprogrammet og opplæringa i norsk og samfunnskunnskap som vanleg. For å sørge for at flest mogleg fullfører foreslår regjeringa å vidareføre tiltaka med at deltakarane i sluttfasen av programma kan bruke inntil fire månader ekstra, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).

Til saman foreslår regjeringa nesten 93 millionar kroner til å vidareføre tiltaka med utvida introduksjonsprogram og utvida norskopplæring.

Styrkar norskopplæringa

Regjeringa foreslår òg å løyve 10 millionar kroner til å styrke Klippekortordninga, som er eitt av tiltaka i regjeringa sin norskinnsats. Dette er eit tiltak der målgruppa er vaksne innvandrarar som treng å styrke eigne norskkunnskapar uavhengig av butid i Noreg, og bakgrunn for at dei kom hit.

– Vi skal få arbeidsløysa ned og inkludere fleire i arbeidslivet. Språk er nøkkelen til god integrering, så dette eit tiltak som verkar, seier Melby.

I statsbudsjettet for 2021 blei det løyvd 25 millionar kroner til norskinnsats. Norskinnsatsen blei i tillegg styrka med ytterlegare 10 millionar kroner i tiltakspakka regjeringa la fram i januar.

Pengar til levekårsutsette byområde og digital leksehjelp

Regjeringa foreslår også å løyve 10 millionar kroner til tiltak for å ta igjen tapt læring, og tidleg innsats. Dette gjeld særleg levekårsutsette byområde. Dette er område som er omfatta av den områdesatsinga regjeringa gjennomfører.

Som følge av pandemien har etterspurnaden etter digital leksehjelp auka kraftig.


Raudekrosssen digital leksehjelp er eit tilbod til elevar på ungdomskulen og i vidaregåande skule som av ulike grunnar treng støtte og hjelp med lekser og skulearbeid.